6A

IMG_2528

SN-dagen 2019

2019-10-25
DSCN1885

Me ønskjer deg lukke til!

Lucas sluttar i 5A og flytter til Rådal.

2019-06-06
DSCN1860

Darren flyttar

I dag, 28.05.2019, var Darren sin siste dag på Farnes skule. Han flyttar no tilbake til Tyskland. Me ønskjer han lukke til!

2019-05-28
DSCN1599_231x173

Kvit fisk er også godt.

FISK

Me skulle sløya ein fisk, studera innmaten og deretter steika den. Sidan me verken fekk kjøpt ein fisk eller fekk ein på kroken, valgte me å kjøpa nokre fiskefiletar. Ikkje alle var heilt trygge på om dei ville smaka, og i allefall likte ingen kvit fisk. Vel, me steikte både kvit (sei) - og raud (aure) fisk, pluss foredla fisk, her fiskekaker. Til tilbehør fekk dei steikt lauk, raspa gulrøtter og kokte nypoteter. Alt forsvant og steikt kvit fisk var kjempegodt tykte dei. Konklusjon: Ikkje farleg å prøva noko ein meiner ein ikkje likar, for kanskje likar ein det lell. :)

2018-09-06
Hjelmlykt 4

4.april 2018 fekk 4.steget hjelm av Årdal kommune og sykkellykt av FAU

Elevane skal snart ta sertifikat for sykkel og i det høve fekk dei besøk av både politi ved Magne Knutsen og Frida, frå kommunen Svein Ove Åmås, frå FAU Vigdis Lio og rektor og inspektør frå skulen. I tillegg til gode råd frå gjestene og skuleleiinga fekk dei hjelm av kommunen og sykkellykt av FAU. Elevane takkar for gåvene. 

2018-04-06
DSCN1417_231x173

Påskeverkstad og påskelunsj 23.mars 2018

Me kosa oss med å laga påskepynt og eta påskelunsj. I dag byrjar påskeferien; GOD PÅSKE!

2018-03-23
DSCN1400_231x173

Skidag 20.mars 2018

Me drog til Fardalen. I år gjekk me nesten opp til steinen. Etterpå aka dei ved skihytta. Ein fin dag med glimt av sol og silkeføre i sporet.

2018-03-23
klassen ved vatnet_321x241

Klassetur og fastelaven

Onsdag gjekk me frå skulen til Vee, frå Vee til Storevatnet og frå der tilbake til skulen. Ein fin tur i flott vintravér. Fredag 9.februar fekk me nybaka fastelavensbolar som vår snille Evy hadde laga til oss. Takk!

2018-02-09
DSCN1322_231x308

Takk!

Takk for fine englar og helsing!

EG ØNSKJER ALLE EI RIKTIG GOD JUL OG EIT GODT NYTTÅR!

Mvh.

Anna

2017-12-20

Powered by CustomPublish AS