A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

100% stilling som fagarbeidar i tekniske tenester

Ledig stilling

100 % fast stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, FDV-seksjon frå 01.10.2016. Søknadsfrist 15.08.2016.

FDV-seksjonen sine hovudoppgåver er forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine bygg og eigedommar.
Seksjonen utfører og oppgåver for helse- og omsorgstenesta i kommunen.
Denne stillinga inneheld primært oppgåver knytt til ulike tekniske hjelpemiddel nytta i helse- og omsorgstenesta.
Oppgåvene vert utførte i nært samarbeid med ergoterapitenesta i kommunen.

Arbeidsoppgåver
Ansvar for levering, montering, testing, service, enklare vedlikehald og reparasjonar av både statlege og kommunale
hjelpemiddel som t.d. takheisar, sjukehussenger, høyrselsutstyr og rullestolar.
Montering og testing av tryggheitsalarmar, sensorteknologi og anna type velferdsteknologi.

Dette er arbeid som vert utført både hjå heimebuande og på institusjonar i kommunen.  

Kvalifikasjonskrav
Det er ei ønskjeleg med fagbrev som elektrikar/mekanikar eller anna handverksarbeid, men andre med erfaring frå  
lignande arbeid kan og søkje.
Den som vert tilsett må ha førarkort i klasse B.

Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagt.
Me ser etter ein person som er imøtekomande og serviceinnstillt, løysingsorientert og fleksibel.

Løn og tilsettingsvilkår
Som fagarbeidar er stillinga er løna etter stillingskode 7517  med for tida lønsplassering
frå kr. 326.300,-  til kr. 392.100,-.
Som spesialarbeidar er løna frå kr. 282.000,- til kr. 384.700,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Hans Jørgen Røneid, mobil: 95747504, E-post: hans.jorgen.roneid@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut