A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Torsdag, 10 Oktober kl 19:00-20:00

10. Oktober - Kirsten Flaten: Engstelege born - vill eller still?

Torsdag 10. oktober kl. 19.00

Årdal kulturhus

Tya sel fingermat for kr. 65,-.

Velkommen!

Verdsdagen for psykisk helse vert markert den 10. oktober i heile verda.

Tema for 2019 er "Gi tid".

Angst og angstlidingar er ofte noko me assosierer med vaksne,
men slike lidingar kan oppstå allereie hos små born. Korleis kjem desse lidingane til uttrykk og korleis kan me som vaksne møte borna på rett måte?

Kirsten Flaten er utdanna grunnskulelærar, med cand.ed. spesialpedagogikk og cand.polit.psykologi. Ho er tilsett som dosent ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho forskar særleg på psykisk helse og angst, og ho har dei siste åra jobba med utprøving av angstførebyggande program for aldersgruppa 3-5 år.