A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ville valnøtter i Årdal

"Valnøtter dyrkes i land med temperert klima over hele verden. Produksjonen av nøtter er størst i Kina, Iran, USA, Tyrkia og Ukraina. I Norge finnes det enkelte trær nordover til Nord-Trøndelag. I Sogn finnes det et tre som er over 25 m høyt; står det på Wikipedia. Om det betyr at der er fleire valnøttre i Sogn, men ingen over 25 m veit me ikkje. Det me veit er at Årdal kommune plutseleg blei den glade innehavaren av 2 valnøttre. Utedriftsavdelinga dreiv å klargjorde bak kykjelydshuset på Årdalstangen då dei skjønna at treet dei vurderte å fella var eit valnøttre. Frå før viste dei om eit valnøttre i Ofredalen, så det var ei stor overrasking å finna eit til i kommunen. Med viten om at dette er uvanlege tre i Noreg bestemte dei seg for å omplassera.

Igår, 23. august 2018, blei dette treet omplanta/omplassert. Det blei omhyggeleg gravd opp og flytta lenger inn i hagen bak kyrkjelydshuset. "No er dette feil tid på året å foreta slike endringar for eit tre av denne storleiken, men p.g.a arbeidet som startar på kyrkjelydshuset i desse dagar måtte det berre gjerast" uttalte dei ansvarlege på utedrift. Så det er berre å kryssa fingrane for at treet får tilstrekkeleg med tid til å festa røttene på den nye plassen sin og at ikkje vinteren tek liv av det.

Omplanting av valnøttre i årdal2_350x467.jpg Omplanting av valnøttre i årdal3_350x467.jpg Omplanting av valnøttre i årdal5_350x467.jpg
Omplanting av valnøttre i årdal4_350x467.jpg Ferske valnøtter2.jpg valnøtt1_350x460.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut