A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vil du ha ein besøksven?

Røde Kors Årdal[1]

Kunne du tenka deg besøk av nokon frå Røde Kors for ein liten prat, gå ein tur, lese gjennom avisa eller noko du likar å gjere.

Me er ein frivillig og uavhengig organisasjon som besøker bebuarar på Åbo og sjukeheimane, samt einslege som bur heime og ønskjer besøk av oss.
Me går på besøk omlag ein gong i veka, eller avtalar frå gong til gong.

Du kan anten melde i frå til personale på sjukeheimen eller heimetenesta dersom du ønskjer besøk av oss, eller du kan ringe til ein av kontaktpersonane under.

Me ser fram til å høyre frå deg.


Kontaktperson Årdalstangen er Astrid Bruheim tlf: 970 82 432.
Kontaktperson Øvre Årdal er Gunnhild Rudi tlf: 952 90 055.

Tips ein ven Skriv ut