Vil du bli meddommar?

Dersom du ynskjer å vere meddommar i tingretten, lagmansretten, jordskifteretten eller skjønnsmedlem kan du melde di interesse innan 11. mai 2016.


  • 1

Årdal kommunestyre skal oppnemne nye meddommarar frå Årdal til Sogn tingrett, Gulating lagmannsrett og Jordskifteretten for perioden 2017 - 2020. Det skal òg sendast forslag på skjønsmedlemer til Sogn og Fjordane fylkesting sitt utvalg.

Valnemnda har ansvar for å finne eigna kandidatar, og legge fram tilråding til kommunestyret. Kommunestyret tek avgjer i saka på møte 16. juni 2016.

Årdal kommune inviterer kvinner og menn som er busett (etter folkeregisteret) i Årdal, til å melde seg som kandidat.

Kommunestyret skal velgje;

* 8 kvinner og 8 menn til Sogn Tingrett
* 4 kvinner og 4 menn til Gulating Lagmannsrett
* 4 kvinner og 4 menn til Jordskifteretten
* forslag på 10 skjønnsmedlemer til fylkestinget sitt utvalg.

I tillegg skal det veljast nytt forliksråd for perioden 2017 - 2020

Kva er ein meddommar?
Meddommarar (lekdommarar) er ein ikkje juridisk utdanna person som saman med ein fagdommar er med på å ta avgjersler i rettsaker. Både i tingretten og lagretten deltek lekdommarar ved handsaming av straffesaker.

Tingretten
Vervet som meddommar i tingretten inneber at du er ein av to meddommarar som saman med ein fagdommar skal døme i straffesaker.

Lagmannsretten
Lagmannsretten handsamar anker over straffesaker avsagt av tingretten.
Vervet som meddommar i lagmannsretten inneber at du er ein av fire meddommarar som saman med tre fagdommarar skal døme i straffesaker.
Når lagmannsretten handsamar skuldspørsmål i straffesak med strafferamme på meir einn seks års fengsel, vert retten sett med tre fagdommarar og til lekdommarar.

Send epost til postmottak@ardal.kommune.no eller Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen,  innan 11. mai 2016 om du ynskjer å stille til eitt eller fleire av desse verva. 

Kommunen vil hente inn opplysningar for å sikre at kandidatane tilfredsstiller krava, dels gjennom kontakt med den enkelte kandidaten og dels ved førespurnad til strafferegisteret eller politiet vedkommande vandel.

Tips ein ven Skriv ut