A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Viktig informasjon frå legekontoret - oppdatert pr. 18. mars kl. 15.30

Lege1

Årdal legekontor har som følgje av vernetiltak mot koronasmitte endra drifta og dette fører til at det er færre legar og personale på jobb. Legetimar som ikkje haster er kansellert med verknad frå 16. mars.

Om du har behov for helsehjelp så ta kontakt på telefon 57 66 53 90 - ver merksam på at det er auka ventetid på telefonen. 
Opningstider 08.00-12.00 og 13.00-14.30.

Me oppmodar pasientar til å opprette e-portal brukar, slik at det kan nyttast e-konsultasjon med fastlegen. Det kan du gjere på Årdal legekontor sin portal. Dersom du har problem med å logge deg på så kan du ringe 57665390 for å sjekke om det ligg rett kontaktinformasjon på deg i systemet.

Informasjonstelefon 
Ved andre spørsmål så kan du ringe informasjonstelefonen til kommunen 901 11 630.

Ved akutt behov for legehjelp ring 116117 eller 113.