A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vikariat som reinhaldar

Me har ledig vikariat i 100% stilling som reinhaldar i FDV- seksjon i tekniske tenester.
Vikariatet er ledig med tiltreding snarast og gjeld for perioden 01.12.20 - 31.05.21 med mogeligheit til forlenging.
Søknadsfrist 30.11.2020

Arbeidsoppgåver
Reinhald av kommunale bygg i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
 
Kvalifikasjonskrav
Til stilling som reinhaldar er det ei føremon med fagbrev som reinhaldar, men andre med relevant praksis kan og søkje. Søkjarane må ha førarkort klasse B (personbil).
 
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein positiv og omgjengeleg person som kan arbeida sjølvstendig, men og saman med andre. 
FDV-seksjonen er ei service-eining, så evne til å yte god service til brukarar av tenesta vert vektlagt.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter HTA.
Løn som fagarbeidar er mellom kr. 350 800 - kr. 430 000,-
som assistent mellom kr. 301 500,- - kr. 405 100,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 30.11.2020 Utlyst dato 13.11.2020 Vårref 1103
 
Kontaktperson
Hans Jørgen Røneid, tlf: 95747504, mobil: 95747504, HJROE@ardal.kommune.no