A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Vigsel

Vigsel

Frå 1. januar 2018 har kommunen fått mynde til å vigsle. I Årdal er det ordførar, varaordførar og rådmann som har mynde til å vigsla. Me har lagt til rette for gjennomføring av seremonien på kvardagar i tida 10.00 - 16.00. Om vigselen skal skje til andre stader og tider, må brudeparet betala ein fast sum.

Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vere på plass for at ein skal kunne gifta seg. Og i tillegg er det skjema som må fyllast ut og sendast inn til skatteetaten. 

  • 1
  • 2

Retningsliner for kommunal vigsel
Ekteskapslova
Forskrift om kommunale vigslar

Vilkår

For å kunne gifte seg, må Skatteetaten sjå til at brudeparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Difor må ein del dokument sendast inn og verte handsama av Skatteetaten. Sakshandsaminga tek to-tre veker, så ein må vera ute i god tid. Få meir informasjon her frå skatteetaten

Dokumenta som må sendast inn er:
Eigenerklæring
Forlovarerklæring
Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
Melding om endring av namn dersom du skal skal endra namn

På grunnlag av dette skriv Skatteetaten ut prøvingsattest, som viser at paret stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten må visast fram før vigselen, og attesten kan ikkje vera eldre enn fire månader.

Under vigslinga må det vere til stades to vitne, desse kan vere forlovarane. Både brudepar, vitne og forlovarar må ha med gyldig legitimasjon.

Om dei som skal gifta seg er utanlandske statsborgarar må dei dokumentera lovleg opphald i Noreg på tidspunkt for vigsling. Utanlandske statsborgarar må òg senda prøvingsattesten ein dag på førehand. 

Seremoni
Ved vigsling på rådhuset held kommunen eigna lokale. Her vert det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Ønskjer ein pynt utover dette, må brudeparet sjølve stå for det. Om det skal vera kulturelle innslag under sjølve vigslinga, må de melda frå om dette på førehand. 

Dersom brudeparet ynskjer å gifta seg andre stader enn på rådhuset, må brudeparet sjølv syta for lokale og alle eventuelle løyve som må vera på plass. Tid og stad utanom rådhuset må avtalast med vedkomande som skal stå for vigslinga. 

Sjølve vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren les "Det borgarlege vigselsformularet".  Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får attest frå Folkeregisteret.

Kostnad
Vigsling måndag til fredag mellom kl. 10.00-16.00 i rådhuset, er gratis for brudepar busett i Årdal. Om vigselen skal skje til andre stader og tider, må brudeparet betala ein fast sum på kr 2500,- som dekker løn, reise og andre kostnadar kommunen har. Om det er behov for tolk, er dette noko brudeparet må dekka.

For brudepar som ikkje er busett i Årdal kostar vigsel innanfor ordinær arbeidstid 1000,-. 

Eventuelle løyve som må på plass ved vigsling ute, må brudeparet sjølve stå for. Tinging og kostnadar til lokale, pynt og eventuelle kulturelle innslag må også organiserast og betalast av brudeparet.

Kontakt
Om du ønskjer å ha kommunal vigsle så kontakt tenestetorget på tlf. 57665000. 

Tips ein ven Skriv ut