Vedtekter barnehagane

Gjeldande vedtekter for barnehagane i Årdal vart godkjent i kommunestyret 18. juni 2009.

1. Føremål, drift og forvaltning
A.    Årdal kommunale barnehagar skal drivast i samsvar med kommunale planar og vedtak, Lov om barnehagar av 17.06.2005 med endringar og tilhøyrande forskrifter, forskrift om rammeplan for barnehagen og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler.
Barnehagane er pålagt å følgje forskrift til Arbeidsmiljølova om internkontroll for helse, miljø og tryggleik.
B.    Barnehagane er eigne driftseiningar i Årdal kommune. Årdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift. Styraren i kvar barnehage har ansvaret for den daglege drifta og val av ulike driftsorganiseringar.

  1. Før eit barn byrjar i barnehage, skal det leggast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinære undersøkingar på helsestasjonen, kan slik erklæring gjevast av føresette til barnet.

  2. Samarbeidsutval og foreldreråd vert valde i samsvar med reglar gjevne i lov og forskrift. Samarbeidsutvalet er samansett av ein representant vald av foreldre/føresette frå kvar avdeling og same tal representantar valde av dei tilsette i barnehagen.
2. Barnehagane
Alle barnehagane gir tilbod om plass til barn frå 0 – 6 år
  1. Farnes barnehage
  2. Uravegen barnehage
  3. Ve barnehage
  4. Haugane barnehage
  5. Einehaugen barnehage
  6. Årdalstangen barnehage
3. Opphalds- og opningstider
Barnehagane har ope mellom 6.45 og 16.00. Ein kan velje opphaldstid 9 timar kvar dag eller 9 timar annan kvar dag
A.    Rådmannen har fullmakt til å endre opphaldstidene.
B.    Barnehagane er heilårsopne, men julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagane kl. 12.00.
C.    I tråd med sentrale avtaler er barnehagane stengt i 5 dagar kvart barnehageår. Desse dagane nyttar personalet til planlegging og kompetanseheving. Dagane vert rekna som ein del av barna sin obligatoriske ferie.
D.   Kommunalsjefen fastset kvart barnehageår ei barnehagerute. Barnehageruta skal samordnast med skuleruta.
E.    Planleggingsdagane i barnehage er lagt til skulefrie dagar.
F.    Alle barna skal ha minst 4 veker ferie i barnehageåret. 3 veker samanhengjande skal avviklast i perioden 1.juni – 15. august.
 4. Forsikring
Barn i barnehagen er ulukkesforsikra. Forsikringa gjeld i barnehagen, til og frå barnehagen ogpå turar som barnehagen arrangerer.
5. Opptak
A.    Frist for hovudopptak av barn er sett til 1.februar og vert kunngjort i lokalpressa. Det skal søkjast på fastsette skjema med stadfesting av føresette sine inntekter medrekna trygd. Føresett har plikt til å melde frå til styraren om endringar i økonomiske tilhøve.
  1. Barnehagelova §12a gir alle barn som fyller eit år seinast innan utgangen av august det året det søkjast om barnehageplass, rett til å få barnehageplass frå august.
  2. Dei som søkjer utanom hovudopptak, får tildelt plass i eventuelle ledige plassar i kommunen.
  3. Barn som vert tildelt barnehageplass ved hovudopptak eller supplerings opptak, har denne plassen inntil den vert sagt opp eller barnet tek til på skulen.
  4. Styraren i kvar barnehage og kommunalsjef har ansvar for barnehageopptaket.
F.    Ved opptaket skal det leggast vekt på at barnehagen er ei godkjent pedagogisk tilrettelagt verksemd på dagtid for barn under opplæringspliktig alder. Det er eit mål for opptaket at barnegruppa skal fungere godt med balanse når det gjeld alder, kjønn og barn med og utan særlege vanskar. Ein skal i opptaket ta omsyn til barna/familien sin totale livssituasjon. Kvar søkjar skal vurderast særskilt.
G.   Personalet sine barn skal som hovudregel få barnehagetilbod i ein annan barnehage enn der foreldra arbeider.
 
Opptakskriterier:
  1. Barn med nedsett funksjonsevne eller barn med vedtak frå barnevernet, har rett til prioritet ved opptak, jf barnehagelova § 13
  2. Barn med einslege forsytarar der mor/far er i arbeid utanfor heimen eller under utdanning. Sambuarar vert vurdert likt som ektefellar om dei har budd saman i meir enn eit år.
  3. Barn av foreldre som har ”nøkkelkompetanse” som Årdal kommune treng. Spørsmålet vert drøfta med rådmannen i kvart einskilt tilfelle.
  4. Barn frå heimar der det er dokumenterte vanskar på grunn av sjukdom eller sosiale problem.
  5. Barn med sysken i barnehage
  6. Barn av foreldre der begge er i arbeid
  7. Alder, dvs. at det eldste av fleire barn skal prioriterast når ikkje andre tilhøve tilseier noko anna.
6. Klagerett
A.    Ved hovudopptak kan søkjar klage på avslag på søknad om barnehageplass. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehageloven § 13 klage dersom dei ikkje vert tildelt plass i den aktuelle barnehagen.
B.    Formannskapet er klageinstans. Klage vert å sende kommunalsjefen, seinast 3 veker etter at melding om vedtak er motteke.
C.    Søkjarar som korkje får første eller andre ønskje oppfylt, kan krevje skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje har fått ønska barnehageplass. Ved supplerande opptak kan søkjarar med lovfestet rett til prioritet krevje slik grunngjeving dersom de ikkje får plass.
 
7. Tap av rettar/oppseiing
  1. Barnehageplassen skal seiast opp skriftleg med ein månads varsel. Siste frist for oppseiing av plass er 1. april. Dette inneber at plassen vert ledig frå 1. mai. Kjem oppseiing etter 1.april, må det betalast for barnet ut barnehageåret, jamvel om barnet er slutta.
B.    Barn som flyttar til annan kommune, har 1 månad oppseiingstid heile året.
C.    Etter vedtak av kommunalsjefen kan barn miste plass dersom:
1.    den føresette ikkje betalar i rett tid.
2.    plassen vert nytta utover avtala tid.
 
8. Leike og opphaldsareal
Kommunestyret fastset areal og arealutnytting i samsvar med lova, forskrifter og departementet sine rettleiande normer som er minst 4 m² nettoareal pr. barn over 3 år og minst 5,3 m² pr. barn under 3 år.
  
9. Betaling
Formannskapet vedtek betalingsordningar etter fullmakt frå kommunestyret.
  1. Vedlegg til vedtekter for Årdal kommunale barnehagar
Utfyllande reglar til punkt 9 i vedtektene
Betaling
1)    Formannskapet vedtek betalingsordning etter fullmakt frå kommunestyret i samsvar med Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Det vert betalt for opphald i 11 månader, juli månad er betalingsfri.
2)    I samband med at born tek til/sluttar i barnehagen i løpet av barnehageåret gjeld følgjande reglar:
3)    Byrjar/sluttar 01. - 15. 1/1 månadsbetaling
4)    Byrjar/sluttar 16. - 31. 1/2 månadsbetaling
5)    Foreldrebetalinga gjeld frå den datoen barnet får tildelt plass.
6)    Betalingssatsen vert fastsett på bakgrunn av brutto inntekt.
7)    Brutto inntekt er familien si samla inntekt (ektefelle/sambuar, og sambuar som ikkje er biologisk far/mor til barnet). Med sambuar meiner ein ekteskapsliknande forhold med felles hushald og at partane har levd slik i minst 12 av dei siste 18 månadane. Føresette må gje opplysningar om inntektsforhold på eige skjema som må underskrivast av arbeidsgjevar/trygdekontor o.a. Familiar som ikkje dokumenterer inntekt, vert fakturert med høgaste sats. Endring i inntektsgrunnlag, må leggast fram straks endringa er kjent. Rekninga vert korrigert ved første fakturering etter dokumentasjon føreligg.
 
Søskenmoderasjon i barnehagar/skulefritidsordning
Utgangspunktet skal vera at det skal betalast fullt for den plassen som er dyrast. Kommunestyret har fastsett slik søskenmoderasjon, K-sak 74/04:
Barn nr. 2 som går i barnehage/SFO, får 30 % reduksjon i foreldrebetalinga, andre barn i barnehage/SFO får 50 % reduksjon.
Innbetaling skjer til økonomiseksjonen den 15. i kvar månad. Dei som har gjeve Årdal kommune fullmakt for bruk av AVTALEGIRO , vert automatisk trekt for barnehage-/SFO avgift kvar månad.
Er barnet sjukt og utgjer fråværet ein samanhengande periode på meir enn ein månad, og det ligg føre legeerklæring om barnet sin sjukdom/fråvær, vert det godkjent fritak frå betaling etter søknad.

 

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS