A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Vedtekter barnehagane

Vedtekter barnehagane

Vedtekter for Årdal kommunale barnehagar
Vedteke i kommunestyret 17.03.2016

1. FØREMÅL, DRIFT OG FORVALTNING
A.    Årdal kommunale barnehagar skal drivast i samsvar med kommunale planar og vedtak, Lov om barnehagar av 17.06.2005 med endringar og tilhøyrande forskrifter, Forskrift om rammeplan for barnehagen og Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skoler. Barnehagane er pålagde å følgje forskrift til Arbeidsmiljølova om internkontroll for helse, miljø og tryggleik.
B.    Barnehagane er eigne driftseiningar i Årdal kommune.  Årdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.  Styraren i kvar barnehage har ansvaret for den daglege drifta.
C.    Før eit barn byrjar i barnehage, skal det leggast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinære undersøkingar på helsestasjonen, kan slik erklæring gjevast av føresette til barnet.
D.    Samarbeidsutval og foreldreråd vert valde i samsvar med reglar gjevne i lov og forskrift. Samarbeidsutvalet er samansett av ein representant vald av foreldre/føresette frå kvar avdeling og same tal representantar valde av dei tilsette i barnehagen.

2. BARNEHAGANE
Alle barnehagane gjev tilbod om plass til barn frå 0 – 6 år.
•    Farnes barnehage
•    Uravegen barnehage
•    Ve barnehage
•    Haugane barnehage
•    Einehaugen barnehage
•    Årdalstangen barnehage

3. OPPHALDS- OG OPNINGSTIDER.
A.    Barnehagane har ope mellom kl. 6.45 og kl. 16.00. Ein kan velje opphaldstid 9 timar kvar dag eller 9 timar annankvar dag.
B.    Rådmannen har fullmakt til å endre opphaldstidene.
C.    Barnehagane er heilårsopne, men stengde julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.
D.    I tråd med sentrale avtalar er barnehagane stengde i fem planleggingsdagar kvart barnehageår. Planleggingsdagane i barnehagen er lagt til skulefrie dagar og er ikkje rekna som ferie.
E.    Det vert kvart barnehageår fastset ei barnehagerute. Barnehageruta skal samordnast med skuleruta.
F.    Alle barna skal ha minst fire veker ferie i barnehageåret. Tre veker samanhengande ferie skal avviklast i perioden 1. juni – og fram til barnehagane sine plandagar i august.

4. FORSIKRING
Barn i barnehagen er ulukkesforsikra. Forsikringa gjeld i barnehagen, til og frå barnehagen og på turar som barnehagen arrangerer.
    
5. OPPTAK AV BARN
Hovudopptak – opptak til nytt barnehageår med start ca 15.august.
•    Frist for hovudopptak av barn er sett til 1. februar og vert kunngjort i lokalpressa. Det skal søkjast på fastsette skjema med stadfesting av føresette sine inntekter medrekna trygd. Føresette har plikt til å melde frå til styraren om endringar i økonomiske tilhøve.
•    Barnehagelova § 12a gir alle barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det søkjast om barnehageplass, rett til å få barnehageplass frå august. Barn fødd i september og oktober får rett til plass frå den månaden dei fyller 1 år.
•    Barn fødd før 1. august er 3 år frå den dagen dei fyller 3 år.
•    Dei som søkjer utanom hovudopptak, får tildelt eventuelle ledige plassar i kommunen.
•    Barn som vert tildelt barnehageplass ved hovudopptak eller suppleringsopptak, har denne plassen inntil den vert sagt opp eller barnet tek til på skulen.
•    Barnehageopptaket skal samordnas mellom alle barnehagane og styraren i kvar barnehage har ansvar for barnehageopptaket.
•    Tildeling av barnehageplass vert rekna som eit enkeltvedtak.
•    Personalet sine barn skal som hovudregel få barnehagetilbod i ein annan barnehage enn der foreldra arbeider.
.
Kriteria ved hovudopptak, søknadsfrist 1. februar:
1.    Barn som jf Barnehagelova § 12a har rett til barnehageplass, må søke om plass innan fristen 1. februar. Barn fødd i september og oktober får rett til plass frå den månaden dei fyller 1 år.
2.    Barn med nedsett funksjonsevne eller barn med vedtak frå barnevernet, har rett til prioritet ved opptak, jf barnehagelova § 13.

Prioritering ved suppleringsopptak/ledige barnehageplassar:
1.    Barn med nedsett funksjonsevne eller barn med vedtak frå barnevernet, har rett til prioritet ved opptak, jf barnehagelova § 13.
2.    Barn i heimar der det er dokumenterte vanskar på grunn av sjukdom eller sosiale tilhøve.
Andre moment:
•    Barn som har trong for språkleg og kulturell integrering og der begge foreldra er framandspråklege. 4-5 åringar som bur i asylmottaket er prioritert ved opptak til ledige plassar.
•    Barn med einslege forsytarar. Sambuarar vert vurdert likt som ektefellar om dei har budd saman i meir enn eitt år.
•    Ved rekruttering av personalet med ”nøkkelkompetanse”, vert deira barn prioritert ved opptak. Rådmannen tek avgjer i kvart einskilt tilfelle.
•    Barn med sysken i barnehage.
•    Alder, barn vert prioriterast etter fødselsår.

6. KLAGERETT
A.    Ved hovudopptak kan søkjar klage på avslag om barnehageplass. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen med lovfesta rett til prioritet etter barnehageloven § 13 klage dersom dei ikkje vert tildelt plass i den aktuelle barnehagen.
B.    Formannskapet er klageinstans. Klage vert å sende rådmannen, seinast tre veker etter at melding om vedtak er motteke.
C.    Søkjarar som ikkje får fyrste eller andre ønskje oppfylt, kan krevje skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje har fått ønska barnehageplass. Ved supplerande opptak kan søkjarar med lovfestet rett til prioritet krevje slik grunngjeving dersom dei ikkje har fått plass.

7. TAP AV RETTAR/OPPSEIING
A.    Barnehageplassen skal seiast opp skriftleg med ein månad varsel. Siste frist for oppseiing av plass er 1. april. Dette inneber at plassen vert ledig frå 1. mai. Kjem oppseiing etter 1. april, må det betalast for barnet ut barnehageåret, jamvel om barnet er slutta.
B.    Barn som flyttar til annan kommune, har ein månad oppseiingstid heile året.
C.    Rådmannen kan sei opp plassen med ein månad varsel dersom det føreligg vesentleg misleghald av avtalen. Med vesentleg meiner ein 3 – tre – månaders uteståande foreldrebetaling etter purringar i samråd med kommunen sine betalingsrutinar. Kommunen går i samtale med begge foreldra før ein ev. avtale vert sagt opp.

8. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL
Kommunestyret fastset areal og arealutnytting i samsvar med lova, forskrifter og departementet sine rettleiande normer, som er minst 4 m² nettoareal pr. barn over 3 år og minst 5,3 m² pr. barn under 3 år.

9. VEDLEGG TIL VEDTEKTER FOR ÅRDAL KOMMUNALE BARNEHAGAR
Utfyllande reglar til punkt 9 i vedtektene.
Punktet er endra i tråd med endringar i Forskrift om foreldrebetaling i barnehage vedteke i statsråd 17.april 2015. Endringane gjeld frå 1. mai 2015.

1.    Formannskapet vedtek betalingsordning etter fullmakt frå kommunestyret i samsvar med Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Det vert betalt for opphald i 11månader, juli månad er betalingsfri.

2.    I samband med at born tek til/sluttar i barnehagen i løpet av barnehageåret gjeld følgjande reglar:
•    Byrjar/sluttar 01. - 15. 1/1 månadsbetaling
•    Byrjar/sluttar 16. - 31. 1/2 månadsbetaling
•    Foreldrebetalinga gjeld frå den datoen barnet får tildelt plass.

3.    Kommune føl makspris regulert i samsvar med gjeldande statsbudsjett.

4.    Moderasjonsordning § 3
•    Foreldrebetalinga skal for fyrste barn i barnehage utgjere maksimalt seks prosent av den samla hushaldning sin personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt. Betalinga er avgrens opp til makspris.
•    For andre, tredje og fleire barn settast foreldrebetalinga til 70 prosent og 50 prosent av foreldrebetalinga for første barn.
•    Det må søkast om reduksjon i foreldrebetalinga for eitt barnehageår av gongen. Dei som ikkje søker, må betale makspris.

5.    Søknad om redusert foreldrebetaling skal ha vedlagt siste årets sjølvmelding og skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er forhandsutfylt. Dersom søker ikkje kan legge fram sjølvmelding eller ved vesentleg og varig endring i hushaldning sin inntekt i forhold til siste årets sjølvmelding, kan søker legge frem annen dokumentasjon for inntekt. Skattefrie overføringar som barnebidrag, kontantstøtte, barnetrygd m.m. ikkje skal inkluderast.

6.    Som ein hushaldning reknast ektefellar, registrerte partnar og sambuarar. Som sambuar reknas to ugifte personar over 18 år som bur samen, og som har budd samen i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Bor eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå inntekta til den av foreldra som har same folkeregisteradresse som barnet.

7.    Innbetaling skjer til økonomiseksjonen den 15. i kvar månad. Dei som har gjeve Årdal
kommune fullmakt for bruk av avtalegiro, vert automatisk trekt for barnehage avgift
kvar månad.
Er barnet sjukt og utgjer fråværet ein samanhengande periode på meir enn ein månad, og det ligg føre legeerklæring om barnet sin sjukdom/fråvær, vert det godkjent fritak frå betaling etter søknad.

Tips ein ven Skriv ut