A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Ve barnehage

Ve barnehage

Barnehagen vart opna 15. januar 1967. Våren 1999 vart den 1- avdelingsbarnehagen riven, og stod fram i ny utgåve 23. september 1999. Barnehagen står på tomta til gamle Ve barnehage. Godt samarbeid med Vee-sletta burettslag gjorde det mogeleg å sette opp ein tre-avdelings barnehage.

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11

Me har ein eigen småbarnsavdeling med 1-åringar.  Det er kort avstand til sentrum, skule og friområde i nærmiljøet. Barnehagen fram står brukarvenleg med gode rom og eit trivelig uteområde. Skogen ligg ved sida av barnehagen, og me har vår eigen natur leikeplass «100-meterskogen».

•    Barnehagen er open frå 06.45 - 16.00.
•    Ein kan velje mellom eit dagleg oppmøte på 9 timar eller å dele 9-timarstilbodet, ved at barna går annankvar dag.

Hjå oss skal alle ungar bli sett og høyrt. Me er oppteken av det totale oppvekstmiljøet til barna. Samarbeid med føresette til beste for barna står sentralt. Det skal vera eit godt læringsmiljø for ungane, og ein barnehage der ungane vert inspirert og motivert for ulike erfaringar.  ”Språk, tekst og kommunikasjon”- vil vere det fagområdet me legg stor vekt på dei komande åra. Sosialkompetanse er ein del av dette. Å vera sosialt kompetent er ein viktig beskyttelse faktor for ungane i livet. Glede er knytt til det meste me gjer, ikkje minst i høve til andre menneske. Glede er knytt  til opplevingar, aktiv utfolding i augeblikket, meistring av nye ferdigheitar, eller sansemessige inntrykk. . Me vil driva friluftsliv på ungane sine premissar. Musikk og song er ein naturleg del av kvardagen i vår barnehagen.

Satsingsområde:
”Språk, tekst og kommunikasjon”-  Sosialkompetanse er ein del av dette.
Sosial kompetanse vil i praksis seie å lære seg ulike former for sosial kunnskap gjennom konkrete hendingar i kvardagslivet. Gjennom leik og sosialt samspel med andre, skaffar barna seg grunnleggande erfaringar om korleis dei skal forholda seg til andre menneske. Varierte og utfordrande opplevingar i kvardagen vil gje borna høve til utvikle ulike sider ved seg sjølv.

Overordna mål:
Trygge barn - ein føresetnad for vekst og utvikling, levande fellesskap med plass til alle, barn som vert sett og lytta til, gode opplevingar, glade barn i leik og læring.
Me har som mål å vera engasjerte vaksne som respekterer barna for det dei er, ikkje for kva dei gjer. Me ynskjer å gje dei oppmuntringar, støtta dei, respektere kjensler og humørsvingingar, ta individuelle omsyn, skape tryggleik og trivsel, syne god omsorg og respekt, og vera gode rollemodellar for borna.


KONTAKTINFORMASJON

Ve barnehage 
Årdalsvegen 16 c 
6884 Øvre Årdal 

Styrar: Ine Hillestad Aannevik
Telefon: 97 18 11 76 
e-post: iaa@ardal.kommune.no 

Tips ein ven Skriv ut