Telefon 57 66 48 56
Fax 57 66 50 15
Styrar
Ine H. Annevik
Besøksadresse:
Årdalsvegen 10 A
6884 Øvre Årdal
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
Satsingsområde:
Sosialkompetanse er vårt satsingsområde. Sosial kompetanse vil i praksis seie å lære seg ulike former for sosial kunnskap gjennom konkrete hendingar i vardagslivet. Gjennom leik og sosialt samspel med andre barn og vaksne, skaffar barna seg grunnleggande erfaringar om korleis dei skal forholda seg til andre menneske.
Me legg stor vekt på kvardagslivet i barnehagen. Det er viktig for oss å gje borna varierte og utfordrande opplevingar i kvardagen slik at borna får utvikle ulike sider ved seg sjølv. Trivsel ,tryggleik og omsorg er viktige stikkord i dette arbeidet.
Borna brukar humor og glede i leiken sin, og humor står sentralt når det gjeld å skape eit godt sosialt klima. Me nyttar difor humor saman med uteliv som metode for å fremja sosial kompetanse.
Me har som mål å vera engasjerte vaksne som respekterer barna for det dei er, ikkje for kva dei gjer. Me ynskjer å gje dei oppmuntringar, støtta dei, respektere kjensler og humørsvingingar, ta individuelle omsyn, skape tryggleik og trivsel, syne omsorg og respekt, og vera gode rollemodellar for borna.
Felles frukost på fellesrommet
Overordna mål:
Ein stad for leik, omsorg, tryggleik og trivsel.
Der me set fokus på kvardagen til borna.
Satsingsområde:
Sosial kompetanse.
Motto:
Like viktig som kva me gjer, er korleis me gjer det.
Publisert: måndag 16. august 2010, 12:48
Oppdatert: torsdag 4. november 2010, 10:08
Telefon 57 66 48 56
Fax 57 66 50 15
Styrar
Ine H. Annevik
Besøksadresse:
Årdalsvegen 10 A
6884 Øvre Årdal
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
