Telefon 57 66 51 11
Fax 57 66 50 15
Kontaktperson
Arne Kjos
Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no
Årdal kommune si driftsavdeling utfører alle tenester knytt til forvaltning, drift og vedlikehald av det kommunale vatn og avlaupsnettet.
Forsyning av drikkevatn er underlagt Drikkevannsforskriften som stiller krav til vassforsyning og vasskvalitet.
Avlaupstransport og avlaupsreinsing er underlagt Forurensingsforskriften som stiller krav til handtering og reinsing av avløpsvatn.
Vasskvalitet:
Vatnet både frå vassverket i Øvre Årdal og på Årdalstangen kjem frå grunnvassbrønnar.
Kvaliteten er svært god.
Kalsiuminnhaldet i vatnet ligg på mellom 5 og 7 mg/l. Vatnet er difor ikkje hardt så ein ikkje treng ekstra tilsetjing av salt i til dømes oppvaskmaskiner.
Det vert teke prøvar av vatnet kvar 14 dag og sendt til SognLab i Sogndal for analyse.
Utslepp
Før det blir lagt inn vatn skal det vere gitt utsleppsløyve, alternativt sanitærabonnement der det er offentleg vatn og avlaupsnett.