A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Vasslekkasje ved Farnes skule

ungdomsskuleelevar sendt heim.

Grunna vasslekkasje er skuleelevane ved ungdomsskulen sende heim. Årsaka til lekkasjen er avdekka og ordna. Vatnet i skulebygget vert no fjerna og tørka opp.

Skulen er i normal drift att i morgon.

Årsaka til lekkasjen var eit tett avløpsrøyr som har gjort at vatnet fløymde over dørterskelen i ventilasjonsrommet og vidare ned korridoren til andre etasjen. Foreløpig ser det ut til at skadene er begrensa til øydelagde plater i himlingen (nedsenket) i andre etasje.