A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utviklingsmidlar til Musikk- og kulturskulen

Årdal kommunale Musikk og Kulturskule har fått kr 150.000,- i utviklingsmidlar frå Utdanningsdirektoratet. Årdal er ein av tre kommunar i Sogn og Fjordane som fekk tildelt midlar. Dei andre kommunane var Florø og Førde.
  • 1

Alle kulturskulane i landet kunne søke om midlar som skulle gå til utprøving av nye aktivitetar, arbeidsmåtar og modellar for samarbeidsprosjekt. For at fleire elevar skal få eit mangfaldig kulturtilbod, kunne kulturskular søke om midlar til kulturskuletilbod og kulturtilbod.

Årdal Kommunale Musikk og Kulturskule sende inn ein søknad om å få midlar til eit samarbeidsprosjekt som vart sett i gang mellom Kulturskulen, Tangen skule og Årdalstangen Musikklag skuleåret 2010-2011. Elevar ved Tangen skule skulle få eit musikktilbod i SFO- tida, samt instrumentalopplæring med tanke på i framtida anten å få starta opp eit nytt skulekorps i bygda eller auke rekrutteringa til generasjonskorpset. Skuleåret 2010-2011 fekk Kulturskulen 60.000 av utdanningsdirektoratet for oppstarten av dette prosjektet.
Dette skuleåret søkte Kulturskulen på nytt om midlar for å vidareføre prosjektet, då ein såg at prosjektet var vellukka og erfaringane kunne delast med Farnes skule. Utdanningsdirektoratet innvilga søknaden frå Kulturskulen i Årdal og utbetalar kr 150.000 til prosjektet!
Det var 350 søkarar frå heile landet med ein samla søknadssum på 125 millionar. Sum for tildeling frå utdanningsdirektoratet var 40 millionar.
Tips ein ven Skriv ut