A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Landbruk/Aktuelt

Utvalt kulturlandskap - Lærdal - søknadsfrist 1.juli

Beitelandskap

Vi har 41 Utvalde kulturlandskap i Norge. Eit av desse er ein definert del av Lærdalsdalføret i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane. I dette området kan brukarar og eigarar søkje tilskot til skjøtselstiltak. Her kan du lese retningslinjer for denne tilskotsordninga. 

Regelverket er utarbeidd på grunnlag av forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, FOR-2016-08-10-966.
 
Føremål 
Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. 
 
Verkeområde
Regelverket gjeld for det utvalde kulturlandskapet Lærdal slik det er avmerkt i Naturbase
 
Samarbeidsgruppe
Det er etablert ei samarbeidsgruppe for det utvalde kulturlandskapet Lærdal (UKL Lærdal). Gruppa er samansett av følgjande organisasjonar og representantar for regional forvaltning:
Lærdal bondelag v/Njål Golf
Lærdal sau- og geit v/Solgun Haugen
Lærdal historielag v/Odd Helge Brugrand
Lærdal grønt v/Harald Mundal
Lærdal elveeigarlag v/Ola Petter Bøe
Borgund elveeigarlag v/Knut Opdal
Lærdal kommune v/ordførar Jan Geir Solheim 
Lærdal kommune v/landbrukssjef Magnhild Aspevik
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga v/Knut Åland
Fylkesmannen, Miljøvernavdelinga v/Johannes Anonby
 
Føremålet med gruppa er å drøfte overordna spørsmål og prioriteringar knytt til forvaltning og tilskot til området.
 
Tildeling av tilskot
Fylkesmannen kan gje tilskot til tiltak som er i samsvar med føremålet med tilskotsordninga. Føringar for kva tiltak vil bli prioritere vil bli fastsett i samarbeid med Lærdal kommune og Samarbeidsgruppa for UKL Lærdal. 
 
Tiltaka må også vere i samsvar med gjeldande planar for området (forvaltningsplan). Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og andre rettshavarar.
 
Tiltak
Fylkesmannen kan løyve tilskot til følgjande tiltak:
Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet 
Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne 
Planlegging av tiltak
Tilrettelegging for ferdsel
Formidlingstiltak  
Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga
 
I 2019 vil gjerde- og beitetiltak bli prioriterte.
 
Tilskot
Fylkesmannen kan betale ut tilskot til skjøtsel av areal i samsvar med dei mål og tilrådingar som er fastsett i gjeldande planar for området. I 2019 er det sett av kr. 800 000 til tiltak i UKL Lærdal. 
 
Følgjande planar er førebels gjeldande for Lærdal:
 
Forvaltningsplan for Midtre Lærdal 2018 – 2028, utgåve 1. november 2017
Skjøtselsplan for området er under utarbeiding
 
Søknad om tilskot skal innehalde ei skildring av det planlagde tiltaket. Søknaden skal innehalde budsjett og gjennomføringsplan, og tiltaket skal merkast av på kart vedlagt søknaden.
 
Krav til søknad
Søknadsfristen i 2019 er 1. juli. 
 
Søknaden skal fyllast ut på eige søknadsskjema og sendast til Fylkesmannen på e-post fmvlpost@fylkesmannen.no eller per post til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 
Tips ein ven Skriv ut