Utval for barnehage, skule og kultur

Utvalet handsamar saker som vedkjem:

  • grunnskular
  • barnehagar
  • fritidstilbod for born og ungdom
  • lag og organisasjonar
  • PPT
  • musikk og kulturskule
  • kultursaker

Utvalet skal gje innstilling til formannskapet i plansaker og saker som gjeld overordna retningsliner/regelverk.
Døme på dette er:

  • Strategi for grunnskulen i Årdal kommune
  • plan for barnehagane
  • kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet
  • andre overordna planar og retningsliner 

Felles for dei politiske utvala er:

  • vedteke budsjett er ramma for utvala sitt arbeid
  • utvala skal til vanleg ikkje handsame saker som er av rein driftsmessig karakter
  • utvala skal ikkje handsame saker som gjeld søknader om tilleggsløyving. Desse sakene skal gå til formannskapet.
  • dersom det er tvil om ei sak skal handsamast av eit utval, tek rådmannen avgjerd i samråd med ordførar
  • utvala overtek som politisk styringsgruppe for prosjekt innanfor utvalet sitt ansvarsområde

Utvalet for barnehage, skule og kultur skal ha 6 medlemer, 2 medlemer frå formannskapet. Dei andre medlemene skal vere faste medlemer i kommunestyret.

Fullstendig oversikt på medlemer og kontaktinformasjon

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
Epost

Organisasjonsnummer
954679721

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS