Uttale om samhandlingsreforma

Formannskapet vedtok i møte 18. januar uttale til samhandlingsreforma.

Samhandlingsreforma vart vedteken i Stortinget i april 2010. Målet med reforma er å redusera helseskilnader, og å utvikla eit likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester uavhengig av diagnose, alder, bustad osv. 

For å dempa veksten i sjukehustenester skal kommunane overta ein større del av helsetenestene, førebygging og tidleg innsats skal vektleggjast og brukarane skal møta eit heilskapleg og samanhengande helse- og omsorgstilbod gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtalte behandlingsløp mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helsetenester.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) la 18.oktober 2010 fram forslag til ny helse og omsorgsplan, 2011-2015, ny folkehelselov og ny kommunal helse- og omsorgslov.

Høyringsfrist var sett til 18.januar 2011 og planen er at dei nye lovene skal iverksetjast frå 1.januar 2012.

I handsaminga i formannskapet var det sett fram forslag om endringar: 

Marie Helene H.Brandsdal, AP sette fram forslag om endringar i den framlagde høyringsuttalen:
Etter nest siste avsnitt på side 1 skal det stå:
Prinsipp som at alle skal ha eit likeverd tilbod om helse og omsorgstenester. Innbyggarane skal oppleva at dei får tilbod om helse og omsorgstenester med kort ventetid, og med størst mogleg nærleik til brukaren. Nærleik til grunnleggande akutt og fødefunksjonar er ein sentral kvalitetsindikator.
Framlegget vart vedteke samrøystes.
 
 
 
Brandsdal, DNA, sette vidare fram forslag om at i avsnittet på side 2 under ”Årdal kommune meinar at:”tek ein bort dei fem siste orda i siste kulepunktet.
Framlegget frå Brandsdal, AP, vedteke samrøystes.
 
Rådmannen si tilråding med endringar, som går fram av vedtak gjort i møtet, vart vedteken samrøystes.

Formannskapet i Årdal sin uttale til samhandlingsreforma 

Tips ein ven Skriv ut