A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Uttale frå Årdal kommune til framlegg om opplæringstilbod 2021/22

Uttalen frå kommunen er kopiert inn under i si heilheit.
Nedst i artikkelen fins ein link til brevet.

Vi viser til Fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse sitt framlegg til opplæringstilbod for skuleåret 2021/22. Årdal kommune vil gi innspel til prosessen for vidare handsaming av framlegget. Vi forstår at Vestland Fylkeskommune har behov for innsparing på 20 mill. kr innanfor dei rammene ein rår over, og at ein ser på tilpassingar i utdanningstilbodet. Vi er likevel sterkt bekymra for konsekvensen av framlegget for reduksjon i tilbodet ved Årdal vidaregåande skule på 2 programfag (industriteknologi vg2 og service/reiseliv vg2) som då vil forsvinne heilt frå skulen. Dette vil få konsekvensar for rekruttering til lokalt og regionalt næringsliv, spesielt vg2 industriteknologi som er det einaste tilbodet i Sogn.

Industriteknologi vg2:

SYSSELSETTING ÅRDAL OG SOGN:

sysselsetjing årdal og sogn.jpg

Årdal er eit industrisamfunn der ca. 49% er sysselsett direkte i industrien. I Sogn står og industrien sterkt og er den som sysselset flest etter kommunal sektor. Industrien i Årdal har over fleire år uttrykt bekymring for framtidig rekruttering og behov for tilførsel av kompetanse. Bakgrunnen er blant anna stor pensjonsavgang i åra framover der ein i industribedriftene i Årdal i dag har ca. 250 tilsette som er over 55 år, og ein forventar at rundt 30-40 vil gå av med pensjon årleg dei neste åra. I tillegg har fleire av industribedriftene vekst ambisjonar framover der Norsun er i realisering av dobling av sin produksjon, og planlegg ei vidare 10-dobling. I tillegg arbeidar bedriftene aktivt med å ta i bruk ny teknologi innanfor industri 4.0 for å vere konkurransedyktige framover. Dette stiller nye krav til både eksisterande tilsette og dei ein skal rekruttere.

Årdal Utvikling som næringsselskapet i Årdal utvikla saman med næringslivet i 2017 ein Kompetansestrategi som svar på dette behovet. Dette har medført etablering av SITEP AS med dei store industribedriftene Hydro, Norsun, HMR Hydeq og Impec som eigarar saman med Årdal Utvikling, SINTEF og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Industribedriftene i Årdal har realisert oppstarten av SITEP med høg kompetanse og topp moderne teknologi/utstyr gjennom finansiering (25 mill.) saman med kommunen/Årdal Utvikling, Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Fylkeskommunen. Her er det i dag eit tett samarbeid med Årdal vidaregåande skule som har fast undervisning og elevprosjekt med lærarkrefter frå SITEP på fleire klassar. Elevane får bruke og teste ny teknologi, og få delta i eit kreativt næringsmiljø med fleire teknologibedrifter i dei same lokala. SITEP vil saman med Sogn Opplæringskontor, Årdal Utvikling, SITEP Startup og fleire teknologibedrifter flytte inn i Årdal Teknologipark oktober 2021 tett på Hydro sitt forskingsmiljø. Dette er ei investering på ca. 50 mill. som no er under realisering, og der Fylkeskommunen har bidrege med deler av finansieringa for å realisere prosjektet. Dette vil vere fasilitetar og miljø som er tilrettelagt for teknologiutvikling, prototyp/testlab, øvingsfabrikkar, undervisning og møteplassar der elevane på Årdal vidaregåande skule vil delta aktivt på undervisning og prosjekt. Dette miljøet skal støtte opp under industriklynga i Årdal og Sogn, og skal vere ein arena for kompetanse og innovasjon der ein aukar verdiskapinga og konkurransekrafta i bedriftene. 

Dette miljøet saman med resten av industrien vil legge til rette for at utdanningane innanfor yrkesfaga og industriteknologi skal ligge i front og gi elevane eit godt grunnlag for å følgje utviklinga. Hausten 2020 starta ein industrifagskulen som eit desentralt utdanningstilbod i Årdal med 30 elevar i dette miljøet, for at fagoperatørar skal kunne ta vidareutdanning. Her har bedriftene lagt til rette med stipendordningar, arbeidsforhold og fagstøtte for at dei skal kunne ta vidareutdanning.
Årdal har lange tradisjonar for tett samarbeid mellom skulen og næringslivet. Dette har medført stort tal lærekontraktar, praksisopplæringsdagar for elevar og hospitering for lærarar. Årdal har heile 101 aktive lærekontraktar, 78 av desse er innanfor industrien. Verksemdene i Årdal og regionen nærast garanterer læreplass saman med Sogn Opplæringskontor. Dei er og førebudd på å støtte Årdal vidaregåande skule med garantiplassar i felles «Teknologiavtale», vi viser her til uttale frå Hydro. Alle dei 12 elevane på vg2 industriteknologi skuleåret 2019/2020, som var kvalifiserte, hadde læreplass i mars 2020. Det same var tilfellet i 2019. I 2020 var det fleire bedrifter som ikkje fekk lærling frå denne linja som viser at behovet er større enn tilgangen.

Industriteknologi er det yrkesfaget som har størst breidde i lærefag og på den måten er svært viktig for industribedriftene i Sogn. Det er her ein har størst fleksibilitet i forhold til behovet i bedriftene til ein kvar tid og dermed god lærlingdekning. Det er viktig at ein opprettheld ei breidde i dei tilboda som næringslivet etterspør lokalt, for at ungdommen utdannar seg i ei retning som gjer at dei kan rekrutterast tilbake til næringslivet. Derfor bør yrkesfaga som har god lærlingdekning prioriterast høgt. Vi viser og til uttale frå Sogn Opplæringskontor som har industribedrifter i heile regionen som medlemmer og som stiller seg bak uttalen for å oppretthalde denne linja.

Oppsummering:
  • Industriteknologi vg2 utdannar lærlingar som er svært viktige for industrien i heile regionen. Det vil vere krise for store verksemder som t.d. Hydro å ikkje ha direkte tilgang på denne typen lærlingar. 
  • Verksemdene i regionen nærast garanterer læreplass. Dei som er kvalifiserte får læreplass.
  • Tala i den lokale industrien viser at det i åra framover er stor pensjonsavgang. Dei som går ut i lære frå industriteknologi-klassen i Årdal, har svært gode sjansar for å få fast arbeid etter læretida. 
  • Industrien har lagt til rette for at elevane som går på vg2 industriteknologi ved Årdal vidaregåande skule har tilgang på, og opplæring på utstyr som er viktig for framtidas industri mellom anna gjennom SITEP.
  • Tek ein vekk klassen, finn ein ikkje denne utdanninga i regionen.
  • Det yrkesfaget i vidaregåande opplæring med størst breidde i lærefag.
  • Klassen har over lang tid hatt god oppfyllingsgrad. Skuleåret 2020/2021 er i så måte eit unntak, og kan ikkje vere grunnlag for at ein bestemmer å ikkje lyse ut tilbodet.
 
Service og reiseliv:
Årdal har siste skuleår ikkje vg1 service og reiseliv, men vg2 for at elevane skal kunne fullføre. Det er synd å miste eit slikt programfag ved skulen som er eit tilbod som og tradisjonelt rekrutterer jenter, og ein håpar at ein finn eit samarbeid med Sogndal vidaregåande på dette programfaget slik at dei elevane som ynskjer dette kan ta deler av undervisninga i Årdal. Utfordringa er at allereie til våren 2021 vil det, med føreslege fagtilbod i Årdal, vere for få plassar til dei som går i 10. klasse (65 elevar) i kommunen vår. Erfaringsmessig veit me at nærare 95% av avgangselevane i Årdal søkjer Årdal vidaregåande skule som 1. prioritet. Basert på dette er det viktig å oppretthalde programfag på skulen og unngå lang pendling.
Årdal har tradisjonelt hatt god tilgang på læreplassar innan dette faget som fylgje av at næringslivet har vore opptekne av å ta inn lærlingar, samtidig som ein har hatt nærleik til Sogn Opplæringskontor. Årdal satsar og for tida sterkt inn mot reiselivet, samtidig som ein ser ein stor pensjonsavgang innan handel og service yrka dei neste 5-7 åra som vil sikre behovet. 
 
Med helsing
Hilmar Høl