A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utsett opning av symjeanlegget i Årdalshallen

Årdalshallen[1]

Opninga av symjebassenget i Årdalshallen må i haust dessverre utsetjast grunna nødvendig vedlikehald. 

Kommunen hadde ei målsetjing om å gjennomføra vedlikehaldet i sommar medan innebassenget var stengt.

Korona-situasjonen har gjort at vedlikehaldstiltaka ikkje har lete seg gjennomføra slik som planlagt. 
Fyrstkomande torsdag vert det gjennomført ei synfaring med ekstern leverandør og kommunen vonar at vedlikehaldsarbeidet kan startast snarast.

Årdal kommune vil senda ut ytterlegare informasjon når den ligg føre. 

-rådmannen-