A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utleige av lokale

Årdal kommune har lokale reglar for tilgang og bruk av idrettsanlegg og møterom/selskapslokalar. Me minner og om FHI sine nasjonale smittevernskrav for arrangement, samlinger og aktivitetar.

Generelle reglar for alle gruppene
Alle gruppene må lage plan for smittevern og plan for reingjering av overflater. Det må vere ein smittevernansvarleg pr. treningsgruppe.
Plan må vere sendt til kommunen og godkjent før ein kan starte aktiviteten.
 
Skulane skal, fram til ny vurdering innan 30. september, ikkje ha aktivitet innomhus i gymsal og idrettshallar. Andre avtalar kan gjerast direkte med FDV.
 
Kulturhus/kinosal
Er opna opp for øvingar og framsyningar etter avtale.
 
Idrettshall og gymsalar er førebels stengt for aktivitet fram til ny vurdering innan 30. september, men har desse unntaka:
 
Fotball kan ha trening ute
Det vert ikkje opna opp garderobar for trening og kamp. Gjeld ut september.
Kan nytte toalett i samband med kamp
Kan ha kiosk, men i Tangenhallen er det kun tilgang til å koke kaffi. Må ha kiosk ute.
 
Handball kan ha trening i hall for aldersgruppe opp til 19 år
Det vert opna for trening av handball inne i idretthallar.
Kan nytte toalett
Får ikkje tilgang til garderober
 
Turn
Vert opna opp for turn både i Unihallen og Tangenhallen
 
Reinhald
Det er ordinært reinhald ein gong kvar dag. Arrangør må reingjere, som avtale med utleigar, overflater mellom kvar gruppe.
 
Utleige
Konfirmasjonar og utleige elles av møtelokaler seier me ja til. Det vert sett eit maks tal personar pr. lokale me leiger ut og leigetakar må elles følgje smittevernskrava.
 
TILLETE TAL GJESTER I KOMMUNEN SINE UTLEIGELOKALE
 
Lokale Tal gjester u/arrangør Tal gjester m/arrangør
     
Eldresenteret Øvre Årdal 20 20
Møterom Årdalshallen 20 20
     
Eldresenteret Årdalstangen 20 20
Kantina/festsal Samfunnshuset Årdalstangen 20 40

 

Kontaktperson: