A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utla på ny spelferd

Trioen Utla må reknast som eit føregangsband når det gjeld improvisasjon kobla med tradisjonell norsk folkemusikk. Dei debuterte på CD i 1994 med "Juv", og har sidan gjeve ut "Brodd" (1995), "Dans"
(1999) og "Song" (2001) . Bak dei konsise titlane finn vi musikk som rører seg mellom folkemusikk, jazz og verdsmusikk, der det óg er mykje rom for eksperiment og improvisasjon. Den tradisjonelle hardingfelemusikken frå vestlandet ligg i botn av Utla sitt unike uttrykk.

Utla består av den doble Spellemannpris-vinnaren Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (munnharpe, slagverk, perkusjon) og Karl Seglem (tenorsax, bukkehorn).

Også internasjonalt har Utla hausta mykje ros. Vi kan som eit døme på dette trekka fram denne omtalen frå The Wire: "Instead of Garbarek-like wide open spaces, Utla create a dense, almost martial
feel: Dance music for medieval armies of fighting monks, perhaps?".

Og dette frå RootWorld:"This trio is like little else in the Nordic musical scene. They generate their power by sheer will and human force, eschewing studio trickery for simple, raw energy". I haust spelar Høgemo, Isungset og Seglem fem konsertar - og til dans!

"Fugl Fønix flyr!" var den poetiske tittelen Gabriel Fliflet i Columbi Egg hadde satt som overskrift for ein konsert i Bergen ifjor
- og vidare stod det å lesa: "Året 1992 kom trioen Utla til verden med et brak. Lyden av braket varte ganske lenge, men nå har det vært stille noen år. Endelig smeller de til igjen! Håkon Høgemo, Terje Isungset og Karl Seglem er alle blant Norges mest særpregede musikere. Utla er deres særpregede felleshus, hvor tradisjon møter improvisasjon - og det meste kan skje." GF.

Håkon Høgmo: Hardingfela
Karl Seglem: Ten.sax - bukkehorn
Terje Isungset: Perkusjon

Arrangør: ÅRDAL KOMMUNALE MUSIKK OG KULTURSKULE
Stad: Årdal kyrkje
Tid: sundag 23. september 17:00
- 19:00

Bilettpris kr. 120,-.

Tips ein ven Skriv ut