A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utdanningsstipend

Skal du bli lærar eller sjukepleiar? Ja, da kan Årdal kommune tilby:

1) årleg utdanningsstipend på kr. 35 000,-

2) jobbgaranti etter ferdig utdanning dersom:
    1) du fullfører og får ei godkjend utdanning
    2) du vel å inngå arbeidsavtale med kommunen

Det er ikkje avgjort kor mange stipend me kjem til å dela ut i år. Det må sjåast i samanheng med kva søknader me får inn og det bemanningsbehovet me ser framover i tid.
Spesielt innanfor læraryrket er fagområdet eit viktig kriterium for utvelging.

Det er utarbeida retningsliner  for stipendordninga. Desse finn du på Årdal kommune si heimeside.

Søknad med opplysning om deg sjølv, kva studie du tek, fagområde du har valgt (spesielt lærar) og når utdanninga er ferdig, sender du til:
Årdal kommune, pb. 40, 6881 Årdalstangen, innan 7. oktober 2011.

Dersom du har spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med leiar for personalstaben Elin Heen, tlf. 57 66 5013 eller epost elin.heen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut