A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Utbetring av gang- og sykkelveg til Tangen skule

Årdal kommune har fått fylkeskommunale midlar til å utbetre dagens gang- og sykkelveg til Tangen skule. 

  • 1

Området som no vil bli ordna og få betre lys er Hydrovegen – Vollevegen – gangveg langs elv og i tillegg tek me med gangveg opp skogen ved «blokkabakken». Dette er strekningar som er mykje nytta av mjuke trafikantar.

Prosjektet startar tidlig haust 2018 og skal vere ferdig til slutten av november. Prosjektleiar er Svein Ove Åmås, leiar Utedrift.

I samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å ha større fokus på miljøvennlege transportmiddel, er det utarbeidd ein gå- og sykkelstrategi. Strategien skal vere grunnlag for kva tiltak fylkeskommunen bør prioritere, kva for område som bør ha størst fokus i Regionaltransportplan 2018-2027.
I den vedtekne gå- og sykkelstrategien er det eit mål om å auke talet på gåande og syklande ved overføring av reiser frå bil. Samla for heile fylket skal 80 pst. av alle skuleborn som ikkje har rett på skuleskyss gå eller sykle til skulen.

 

Tips ein ven Skriv ut