A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Uravegen barnehage

Uravegen barnehage

Velkommen til Uravegen Barnehage, ein kommunal barnehage som har vore i drift sidan 1986. Den har tre avdelingar for barn i alderen 1-6 år.

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • Avdeling Maurtua er småbarnsavdeling med plass til 9 barn under 3 år.
  • Avdeling Marihøna og Edderkoppen har barn i alderen 2-6 år, inntil 18 barn pr. avdeling.

Totalt 54 plassar – antal plassar blir justert ned dersom barn er under 3 år.

Uravegen Barnehage  ligg ved fjellvegen over til Turtagrø/"Fardalssvingane" med  gode turtilhøve i nærområdet. Den har eit romsleg og allsidig uteområde med høve for leik og fysisk aktivitet til alle årstider. Barnehagen er solrikt plassert, og sola er tilbake allereie rundt 25. januar.
Inne har barnehagen ulike leikekrokar, som innbyr til kreativ og skapande leik. Midt i barnehagen ligg kjøkkenet og allrommet, med god plass til alle,tradisjonsfeiringane finn ofte stad der.

Barnehagen sin visjon:

  • Trygge barn – ein føresetnad for vekst og utvikling
  • Levande fellesskap med plass til alle
  • Barn som blir sett og lytta til
  • Gode opplevingar, glade barn i leik og læring

 
Uravegen Barnehage har fokus på:

  • Å gje barna ein trygg og god kvardag
  • Å legge til rette for fysisk aktivitet og sikre barna ei god helse
  • Å gje barna sosial kompetanse, (og bygge relasjonar)
  • Å legge til rette for eit språkfremjande miljø
  • Å legge til rette for god og variert leik
  • Å la barna få undre seg og filosofere.

Frå fokus til praksis – personalet vil:

  • Vere ein engasjert og omsorgsfull vaksen som ser kvart enkelt barn
  • La barna få kjensla av å vera verdifull, akkurat for den dei er
  • *Vere ein god støttespelar til foreldra
  • *Spreie glede og humor i kvardagen
  • Ha gode rutinar for planlegging, gjennomføring og vurdering
  • Bruke fagområda i rammeplanen for å fremme variert og allsidig læring og utvikling
  • La barna få progresjon i tida dei er i barnehagen, frå oppstart til 6-års gruppa siste året
  • Fremje fysisk aktivitet, både ute og inne
  • Ta vare på barna si psykiske helse, lære barna å handtere kvardagen i medgang og motgang
  • Gje barna meistrings kjensle
  • Sikre gode relasjonar mellom barn / vaksen og barn /barn.Tryggleikssirkelen er vårt utgangspunkt for omsorg. (Cirkel of Security)
  • Utvikle barna sin språklege kompetanse
  • Halde seg fagleg oppdatert for å kunne gje barna eit godt pedagogisk innhald
     

    KONTAKTINFORMASJON
    Uravegen barnehage
    Uravegen 1.
    6884 Øvre Årdal

    Styrar: Anne Gerd Jevnaker
    Telefon: 45879340
    e-post: agje@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut