Uravegen barnehage

Barnehagen starta opp som to-avdelingsbarnehage i 1986, og vart utvida med småbarnsavdeling i 1991. Barnehagen har eit flott uteområde som gjev rom for allsidig aktivitet. I tillegg nyttar me nærmiljøet som turområde.
Uravegen barnehage
Uravegen barnehage

Satsingsområde:

Uravegen barnehage har i fleire år prioritert uteliv og uteaktivitetar. Me har erfart at desse aktivitetane er med på å styrka borna sin sosiale kompetanse. Uteaktivitetar styrkar samhaldet mellom borna og gjev dei høve til å utfalde seg motorisk, utvikle sosial kompetanse, språk og kommunikasjonsevne.

Me legg vekt på tryggleik, glede, humor og omsorg. Dette er grunnlaget for all vidare utvikling.

Frå den dagen borna byrjar i Uravegen og til dei sluttar skal dei vera trygge, ha med seg gode opplevingar og ha sosial kompetanse til å møta nye utfordringar. Det er viktig å ha venner, og me vil legge til rette for at barna kan knytte gode vennskapsband i barnehagen.

Overordna mål:
Me legg vekt på tryggleik, glede, humor og omsorg

 

Kontaktinformasjon

Telefon   57 66 48 52/4853
Telefaks 57 66 50 15

Styrar
Anne Gerd Jevnaker

Besøksadresse:
Uravegen
6884 Øvre Årdal

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Web levert av CustomPublish AS