A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

UKM - ungdommens kulturmønstring 2012

Laurdag 3. mars kl. 15.00 går UKM 2012 av stabelen i Årdalshallen.

Det er innmeldt 28 sceneinnslag som inneheld pop/rockegrupper og musikk og dans. I tillegg er det innmeldt 22 innslag av bilete og maleri.

Juryen som består av tre vaksne og tre ungdomar vil få ein vanskeleg jobb seier UKM-koordinator Gunnvor Haug Moen.

Ho håpar mange tek turen til Årdalshallen denne dagen.

2SSA ved Årdal vidaregåande skule har kafè. Der blir det sal av kaffi, brus og kaker.

Inngangsbilett: kr 75,- for alle.

Kl. 21.00 - 01.00 blir det diskotek for ungdomar i alderen 13-19 år, og deltakarane i UKM. Inngangsbillett kr 50,- for deltakarane og medlemer i ungdomsklubbane, kr 100,- for andre.

Buss til Tangen/Seimdalen kl. 01.15. Pris kr 30,-

 

Tips ein ven Skriv ut