A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

TV-aksjonen NRK, Flyktninghjelpen

TV-aksjonen NRK Flyktninghjelpen 24. oktober

På flukt frå krig
 
Årets TV-aksjon skal gå til å hjelpe dei som har alle odds mot seg. Om lag 42 millionar menneske er i dag på flukt på grunn av krig og konflikt. Halvparten er barn og ungdom. Pengane frå årets aksjon skal gå til hjelp og beskyttelse for menneske på flukt.
 
Eit menneske på flukt treng dei mest elementære ting for å overleve. Mat, vatn, ein stad å sove. Men det er også viktig å bidra med anna type hjelp. Skulegang til barna, juridisk hjelp og at nokon taler deira sak; i heimlandet og internasjonalt. Flyktninghjelpen gjer alle desse tinga.
 
Flyktninghjelpen driv flyktningleirar med fleire tusen menneske. Dei delar ut telt og setter opp midlartidige hus. Dei gir skulegang til 100.000 barn. Dei delar ut mat, vatn og såkorn til millionar av menneske kvart år. Dei hjelper heimvendte flyktningar å få tilbake hus, eigedom og arbeid.
 
Nødhjelp i ein ny virkeligheit
Menneska Flyktninghjelpen hjelper befinner seg i nokon av verdas farligaste områder, som Afghanistan, Somalia og DR Kongo. Dei treng hjelp og beskyttelse frå krigsherjingane. Å nå fram med hjelpen er svært utfordrande. Flyktninghjelpen har blitt ekspertar på å få hjelpen fram der få andre kjem til med nødhjelp. Dei opererer som ein nøytral aktør og deira mål er å hjelpe sivilbefolkninga.
 
Dei fleste av Flyktninghjelpens 2600 medarbeidarar er lokalt ansatte. Flyktninghjelpen har prosjekter i rundt 20 land i Afrika, Asia, Amerika og Europa. Alle prosjekta styres direkte frå eit lite og effektivt hovudkontor i Oslo. Flyktninghjelpen samarbeider nært med FN og andre organisasjonar, både ute i verda og i Noreg. Utanfor Noreg er Flyktninghjelpen kjent som NRC (Norwegian Refugee Council).
 
Verdas største dugnad
TV-aksjonen har vært gjennomført kvar einaste haust sidan 1974 og er blitt ein institusjon og ein tradisjon i Noreg. Aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon målt i innsamla midlar per hovud og antal deltakare. Kvart år jobbar 7000 frivillige landet over med organiseringa av innsamlinga i sin kommune. Målet er at 100.000 bøssebærer skal besøke husstandar i Noreg i løpet av to timer denne søndagen i oktober.
 
TV-aksjonen NRK Flyktninghjelpen arrangerast 24. oktober 2010. Ta godt i mot bøssebærerane!
 
 
Tips ein ven Skriv ut