A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

TV-aksjon 20. oktober - forsking på demens

Årets TV-aksjon går til forsking på demens, informasjon og opplæring om demens og frivillig arbeid for personar med demens. Aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane håpar nok ein gong på rekordstor gjevarglede i fylket. 

Over 70 000 menneske i Norge har demens. 10.000 får sjukdommen kvart år, og talet vert dobla i løpet av dei neste tiåra. Sjukdommen går til angrep på hjernecellene og råkar funksjonar som språk, hukommelse og orienteringsevne. Minst 300 000 personar er pårørande til ein demenssjuk. Diverre opplever over 60 prosent at familie og vener trekkjer seg unna.

Sogn og Fjordane har alltid utmerka seg med stor gjevarglede, og årets aksjonskomite lovar å leggje til rette for at Nasjonalforeningen for folkehelsa skal få inn så mykje som råd til eit godt føremål.

- Eg håpar innbyggjarane i fylket er rause i år også, og gir til eit viktig føremål, seier fylkesmann Anne Karin Hamre, som er leiar for TV-aksjonskomiteen. Med seg på laget har ho mellom anna Kristin Sandal, som er fylkesaksjonsleiar. Resten av aksjonsgruppa er sett saman av Åse Fretheim, Atle Stalheim, Asborg Leirdal Kjærvik, Arne Osland, Jenny Følling, Roy Fauske, Siv Jorunn Hjellbrekke, Siri Merete Nedland og Åshild Kjelsnes. Ikkje alle var til stades då biletet vart teke.

Dei innsamla pengane skal nyttast til ei rekkje tiltak, mellom anna til å:

  • lære opp frivillege til å bli aktivitetsvener
  • styrke arbeidet med møteplassar og aktivitetar for personar med demens og pårørande
  • auke kunnskapen om demens i samfunnet slik at dei med sjukdomen vert møtt med aksept og forståing
  • etablere eit langsiktig forskingsprogram. Forstå årsak til demenssjukdomar, korleis ein kan førebyggje, bidra til å utvikle betre behandling

Aksjonsdagen er søndag 20. oktober.

Ta kontakt med Tenestetorget på telefon 57 66 52 20 dersom du vil hjelpe til som bøsseberar.

Tips ein ven Skriv ut