A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tursti til Løst er stengt grunna ras

Kommunen har, i dag 8. juni, fått varsel om jord- og steinras mellom Løst og Fossdalen. Det er stor fare for at Steiggjeelvi kan demmast opp og lage utfordringar nedover.

Turstien opp langs Steiggjeelvi vert derfor stengt og det må heller ikkje nyttast tursti fra Eldegarden mot Løst. Varsel vert hengt opp.