| Tryggleiksalarm |
2012 |
| Leige av tryggleiksalarm (under 2G) |
170,00 |
| Leige av tryggleiksalarm (over 2 G) |
258,00 |
| Røykvarslar |
1750,00 |
| Oppkoblingsgebyr |
412,00 |
Staten regulerar i dag kommunane sin adgang til å ta betaling for omsorgstenester gjennom to ulike regelverk, eit for heimetenester og eit for tilbod i institusjon. Vederlag ved opphald i institusjon berekna ut frå brukaren si inntekt og er statleg justert.
Kommunen kan krevje betaling for praktisk bistand, tryggleiksalarm og matombringing. Kommunen står i utgangspunktet fritt til å fastsetje nivået på eigenbetalinga.
Eigenbetalinga må ikkje vere høgare enn det tenesta kostar å produsera, (sjølvkost). Vederlaget kan ikkje setjast høgare enn at vedkommande beheld tilstrekkeleg med midlar til å dekke personlege behov, og bærer sitt ansvar som forsørgjar, jmf forskrifta til lov om sosialtenester
§8-3.
Samla kostnad på tryggleiksalarm og praktisk bistand skal ikkje overstige kr 165,- pr mnd for dei med samla skattbar nettoinntekt før særfrådrag under 2G, jmf forskrifta § 8-4.