Trygge lokalsamfunn

Årdal vart godkjent som Trygt Lokalsamfunn i år 2000 og regodkjent i juni 2010

Det har vore god aktivitet i det førebyggande arbeidet både innan ulukker og kriminalitet, heilt sidan arbeidet starta opp med prosjektet Årdal Tenk Tryggleik i 1988. Politiet har heile vegen vore ein svært viktig samarbeidspartnar.
 
Mange årlege faste postar innan oppvekstområda, frå barnehagane til vidaregåande skule, er med på å bygge gode haldningar hjå born og unge.
Kriminalitetsstatistikken for kommunen vitnar om at arbeidet har effekt.
 
Styrande komite/Politiråd/Folkehelseråd
  • Ordførar Arild Ingar Lægreid
  • Rådmann Ingvar Laberg
  • Fabrikksjef Hydro Årdal Olaf Wigstøl
  • Leiar Norsk Folkehjelp Årdal Edvard Holsæter
  • Leiar Årdal LO Jan Bent Høyum
  • Lensmann Magne Knudsen
  • Tilbakeføringskoordinator Kriminalomsorga Knut Arne Klingenber
  • Folkehelsekoordinator Steinar Drægni
Årdal Tenk Tryggleik (ÅTT) er ein viktig del av folkehelsearbeidet i Årdal og skal:
  • Setja tryggleiksarbeidet på dagsorden for innbyggjarane i kommune
  • Vere "adressa" for innmelding av situasjonar, hendingar og forslag til endringar
  • Førebygge og redusere ulykker i arbeid, skule, heim og fritid
  • Samordna kompetansen til deltakarane i ÅTT for å nå felles mål
  • Arbeide for trivnad og større miljøforståing i kommune
  • Satse på kriminalitetsførebyggjande arbeid

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
Epost

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS