Trygdebustad
Kven får tenesta
Ledig trygdebustad vert lyst ledig i lokalavisa ”Sogn Avis”.
Søknad om trygdebustad vert innvilga etter Lov om sosiale tenester § 3-4 og Forvaltningslova §2b, og er eit kommunalt vedtak.
Det er Samarbeidsgruppe (TSG) som har mynde til å vurdere og tildele trygdebustad i Flotavegen og Tangevegen. Dette vert gjort etter funksjonskartlegging - og vurderingsbesøk gjennomført av leiar for heimetenestene.
Ev. heimebaserte tenester som heimesjukepleieteneste og heimehjelpsteneste vert gjeve etter individuell vurdering av den enkelte sine behov.
Ein tek med seg heimebaserte tenester ein tidlegare er tildelt, som heimehjelp, heimesjukepleie og matombringing. Dette gjeld også tenester som transportkort og tryggleiksalarm.
Tilleggsinformasjon:
- Trygdebustadane i Flotavegen nr 7 og nr 9 er på ca 67 m2 og har eitt soverom.
- Trygdebustadane i Tangenvegen 14 inneheld:
2 stk bustadar på ca 69 m2 og har to soverom.
2 stk bustadar på ca 38 m2 og har eitt soverom.
2 stk bustadar på ca 28 m2 og har sovealkove.
Korleis få tenesta
Tenestetorget har søknadsskjema.
Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu – og omsorgssenter.
Søknadsskjema er lagt ut på Internett.
Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.
Pris
Sjå betalingsatsar under sjølvhjelp
Heimelsgrunnlag
Lov om sosiale tjenester §3-4.
Forvaltningslova § 2b
Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimetenestene.
Her får du råd og rettleiing.
Kontaktinformasjon
Leiar Heimestenestene: tlf. 57 66 50 81
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf. 57 66 54 44
Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal): tlf. 57 66 54 53
Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen): tlf. 57 66 52 56
E-post: postmottak@ardal.kommune.no
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside
Publisert: måndag 14. februar 2011, 13:24
Oppdatert: onsdag 25. mai 2011, 13:59