A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Treng tre nye veterinærar

horse-dog-pig-animals

Treng tre nye veterinærar ved nyttår i dei to vaktdistrikta i Sogn; to i Årdal, Lærdal og Aurland (ÅLA) og ein vikar i vaktdistriktet Luster, Sogndal og Leikanger. 

– Kommunane har ansvar for å organisera ei klinisk veterinærvakt, og no treng me to nye veterinærar her på denne sida av fjorden, og ein på den andre sida, seier landbrukssjef for felles landbrukskontor ÅLA, Magnhild Aspevik.
 Begge distrikta er organisert som tredelt vakt og i ÅLA er det no manko på to av tre veterinærar. I vaktdistriktet på nordsida vert det søkt etter ein vikar, men per i dag er berre ei av stillingane besett. Ein ny veterinær tek her til i veterinærvakta frå februar. 

Veterinærdekninga i heile Sogn er pr dato veldig underbemanna i den næraste perioden. Det kan bli utfordringar for gardbrukarane, særleg i insemineringsperioden me no går inn i.

Dette er ingen god situasjon, og kommunane er svært uroa over tilgangen på veterinærar til å delta i veterinærvakta som kommunane administrerer. Me søkjer no på nytt, etter veterinærar som ynskjer å delta i veterinærvakta.


Landbruksforvaltninga i 
 Luster, Sogndal og Leikanger
 Årdal, Lærdal og Aurland