A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Treng du hjelp? Har du spørsmål?

telefon_225x225

Lokal informasjonstelefon for Årdal er telefonnummer 901 11 630. Har ope i påsken.

Oppmodar om at de også held dykk oppdatert på folkehelseinstituttet og helsedirektoratet sine sider da sentrale føringar, tiltak og informasjon endrar seg fortløpande. 

Lokal informasjonstelefon 901 11 630  er open dagleg frå kl. 08.00 til 15.30 og laurdag/søndag mellom kl. 10.00 - 15.00.
Her kan du ringe dersom du lurer på noko eller melde deg som frivillig viss du har høve til å hjelpe til etterkvart som det er behov for det.

Årdal legekontor
Legekontoret har redusert kapasitet framover.
Treng du fornye resept så kan du gjere det elektronisk ved å gå inn på Årdal legekontor si løysing.
Får du ikkje tilgang på løysinga så kan du ringe legekontoret 57665390 for å få sjekke at naudsynte kontaktopplysningar ligg registrert på deg.
 
Rådhuset 
Rådhuset er stengt for tilfeldig oppmøte og publikumsmottak - treng du kontakt med sakshandsamar så ring telefon 57665220 for å bli sett til den rette.
 
NAV
NAV har stengt for publikumsmottak. Treng du kontakt med NAV eller flyktningstenesta så finn du meir informasjon her.
 
Informasjon frå folkehelseinstituttet og helsedirektoratet:
Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på https://www.fhi.no/ og helsenorge.no
 
Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015 som har ope kvardagar 08-18 og helg 10-16.
Dersom du trur du er smitta, ring fastlegen.
Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje kjem i kontakt med fastlegen, ring legevakta på 116117.