A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tilsyn - Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav

Felles Landbrukskontor ÅLA har i oppgåve føre tilsyn i samband av lagring og bruk av gjødselvarer mv. av organisk opphav. Her er ein kort orientering om gjeldande regleverk og tilsyn.

Gjeldande reglar

Bonden har sjølv ansvar for at vilkåra i forskrifta vert følgt. 
 
Blant anna:
• Godkjent gjødselplan
• Tilstrekkeleg kapasitet for lagring av gjødsel – minimum for 8 månadars produksjon
• Ha tilstrekkeleg spreieareal – minimum 4 daa fulldyrka areal per gjødseldyreinheit (GDE vedlegg 2 i forskrift). Anna areal kan godkjennast
• Utandørs drift/utegardar skal til retteleggast slik at gjødsel kan fjernast enkelt jamleg – minimun ein gang i året
• Gjødsel med meir enn 25% tørrstoff kan lagrast i haug direkte på bakken, men må dekkast til og skjermast mot overflatevatn 
 
Lokal forskrift
Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland kommune har lokale forskrifter om frist for spreiing av gjødsel av organisk opphav. Lokal forskrift gir løyve til spreiing av gjødsel 1 månad lenger enn nasjonal forskrift, altso utvida frå 1. september til 30. september.
 
Viktige datoar:
• 30. september – 31. oktober kan det søkjast om utsett frist for spreiing av gjødsel
• 1.november – 15.februar er det ikkje lov med spreiing av gjødsel.
• 15. februar – 1. september lov å spreie gjødsel utan søknad
• Det er ikkje lov å spreie gjødsel på snødekt eller frosen mark
 
Stikkprøvekontroll for attendemelding til regionale mynde
Varsling ved uhell med silosaft eller gylle nær eller i vassdrag skal varslas til politiet på telefon 02800.
Kommunen fører tilsyn med at del III i forskrifta er oppfylt. 
 
Tilsynsmyndigheita kan:
• Pålegga verksemd å rette opp i tilstand som er i strid med forskrifta 
• Pålegga vedtak gjeve i medhald av forskrifta
• Pålegga verksemd å rette opp i tilstand som kan føre til skadar eller ulemper for dei omsyna som er nemnt i forskrifta sitt formål

Konsekvensar
Om det ved kontroll eller handsaming av produksjonstilskotsøknad vert avdekka drift i strid med regelverket kan det føre til konsekvensar jf forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket som:
• Avkorting av tilskot 
• Innkrevjing av alt utbetalt produksjonstilskot/avløysartilskot
• Produksjonstilskot vert halde attende 
Tips ein ven Skriv ut