A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Tildelingskontoret

Tildelingskontoret

Tildelingskontoret ligger på Rådhuset på Årdalstangen, og er å treffa på tlf. 57665050, epost: tildeling@ardal.kommune.no

Kontakt tildelingskontoret når du har behov for:

  • ​Heimesjukepleie
  • Heimehjelp/praktisk bistand
  • Avlastning i og utanfor institusjon
  • Omsorgsstønad
  • Pårørandestøtte
  • Psykisk helseteneste
  • Kortidsopphald
  • Langtidsplass i sjukeheim
  • Støttekontakt
  • Individuell plan
  • Rustenester
  • Dagtilbud (Tangevegen, dagsenter for demente, aktivitetstilbud på ASVO)
  • Habilitering og rehabilitering, inkl. kvardagsrehabilitering
  • BPA - (Brukarstyrt personleg assistent)
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarm
  • Velferdsteknologi

Sakshandsamarane utfører sakshandsaming i tråd med rutine for sakshandsaming i Årdal kommune. Det innebær mottak av søknad, kartlegging, vurderingsbesøk og å fatta vedtak i tråd med lovverket.
​Alle vurderingsbesøk skal utførast av tildelingskontoret.

Mål for tildelingskontoret:

  • Brukarar som har behov for helse- og omsorgstenester skal vende seg ein stad i kommunen - "Ei dør inn"
  • Årdal kommune sørger for helskapelege og godt koordinerte tenester
  • Sakshandsaminga har høg kvalitet og vert effektivt utført
  • Brukarar med same behov er sikra likebehandling
  • Årdal kommune sikrar brukararne rettstryggleik ved tildeling av tenester

Årdal kommune har etablert arenaer for utforming av helse- og omsorgstenester i tråd med lovverket.

Det er ope på dagtid frå måndag - fredag
Tlf. 57665050
epost: tildeling@ardal.kommune.no
Søknadskjema finn ein her

Tips ein ven Skriv ut