Tildelingskontor

Nytt tilbud innan helse og omsorg. Tilbodet sikrar at innbyggjarane får best mogleg tilpassa tenestetilbod.

Måndag 10. september vart det nye tildelingskontoret opna.

Telefonnummer til tildelingskontoret er 57665050, e-postadressa: tildeling@ardal.kommune.no
Leiar er Elin Eldegard og sakshandsamarane er Kjersti Nundal og Anita Kristin Sviggum.

         20180911_135853.jpg
Kommunalsjef Helen Koldal opna med å fortelja litt om det nye tildelingskontoret.
Frå venstre: Kommunalsjef Helen Koldal, leiar for tildelingskontoret Elin Eldegard, sakshandsamarane Anita Kristin Sviggum og Kjersti Nundal
20180910_105521.jpg  20180910_110925.jpg  20180910_110653.jpg
Marsipankaker må til og leiar Elin Eldegard, Kjersti Nundal  og Anita Kristin Sviggum sprettar først på kaka. Kommunalsjef Svein Grindhaug fekk æra av å offiselt opna kontoret med snorklypping.


Mål for tildelingskontoret:

  • Brukarar som har behov for helse- og omsorgstenester skal vende seg ein stad i kommunen - "Ei dør inn"
  • Årdal kommune sørger for helskapelege og godt koordinerte tenester
  • Sakshandsaminga har høg kvalitet og vert effektivt utført
  • Brukarar med same behov er sikra likebehandling
  • Årdal kommune sikrar brukararne rettstryggleik ved tildeling av tenester

Årdal kommune har etablert arenaer for utforming av helse- og omsorgstenester i tråd med lovverket og innanfor dei økonomiske rammene som er gitt.
Oppgåver for tildelingskontoret:

  • ​Heimesjukepleie
  • Heimehjelp/praktisk bistand
  • Avlastning i og utanfor institusjon
  • Omsrogsstønad
  • Pårørandestøtte
  • Psykisk helseteneste
  • Kortidsopphald
  • Langtidsplass i sjukeheim
  • Støttekontakt
  • Individuell plan
  • Rustenester
  • Dagtilbud (Tangevegen, dagsenter for demente, aktivitetstilbud på ASVO)
  • Habilitering og rehabilitering, inkl. kvardagsrehabilitering
  • BPA - (Brukarstyrt personleg assistent)
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarm
  • Velferdsteknologi

Sakshandsamarane utfører sakshandsaming i tråd med rutine for sakshandsaming i Årdal kommune. Det innebær mottak av søknad, kartlegging, vurderingsbesøk og å fatta vedtak i tråd med lovverket.
​Alle vurderingsbesøk skal utførast av tildelingskontoret.