A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tenk tryggleik og klypp hekken!

Små barn blir lett usynlige bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlige situasjonar i trafikken. Årdal Tenk Tryggleik ber folk stusse hekkene.
Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Ein lovpålagt stuss
Folk som bor langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bor ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal være god sikt ved vegkryss og ved avkjørsla. 
Klypp hekken.jpg

Årdal Tenk Tryggleik 1.jpgSafe Community.gifTrygg Trafikk.pngStats symbol.pngÅrdal kommune med God kommune å bu leva og arbeida.png

Kontaktperson:
Seksjons Leiar Tekniske Tenester 
Svein Ove Åmås, telefon 97 57 84 90                                                                                           
e-post: svein.ove.amas@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut