A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Teaterstykket "Få meg på for faen"

  • 1

Årdalshallen
Torsdag 20. oktober kl 1900

Få meg på, for faen
av Olaug Nilssen

Eit samla kritikarkorps var frå seg av begeistring og full av latter då romanen Få meg på, for faen kom ut i 2005. “…gallopperende morsomt…”, kunne ein lese i Adresseavisen, medan Dagbladet omtalte boka som “…forfriskende og hemningsløst om tenåringskåthet og opprør…”. Etter kvart har boka blitt både teater og film, og endeleg blir teaterversjonen sett opp i heimfylket til Olaug Nilssen. Frå scena får du oppleve alle tre historiene vi kjenner frå boka.
I denne morosame «feel-good» historien får du møte tre kvinner frå den vesle bygda Skoddeheimen. Dei er hovudpersonar på skift og dei har alle til felles at dei drøymer om eit meir spennande liv, der dei blir sedde og høyrde. Tenåringsjenta Alma, litteraturhistoriens kåtaste tenåring, blir heilt i svime av begjær når det oppstår seksuell kontakt med bygdas kjekkas Artur. Studenten Maria føler seg usynleg og drøymer om å bli intervjua av Halvor Folgerø på NRK Vestlandsrevyen. Kona til Sebjørn er heimeværande med åtte ungar og fantaserer om jobb på Skoddeheimen Nepeforedling AS. I tillegg får du møte Sebjørn, Artur, Mor til Alma, den Radikale, den Nesteldste, Sjefen 1 og Sjefen 2.
Målgruppe og speletid
Få meg på, for faen er eit svært morosamt stykke om behovet for å bli sett og høyrt og om seksuell oppvakning. Stykket passar for både ungdom og vaksne. I tillegg til opne framsyningar på kveldstid blir stykket spelt for elevar i den vidaregåande skulen gjennom den kulturelle skulesekken på dagtid.
Stykket er ein einaktar på ca. ein og ein halv time.
Få meg på, for faen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater.
 
Tips ein ven Skriv ut