A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Teaterframsyning - Gilgamesh

Gilgamesh

Laurdag 28. oktober kl 16:00, vert det teaterframsyning i Festsalen i Årdal Kulturhus. Det er sjølvsagt gratis inngang. De er hjarteleg velkomen!
Det er i regi av biblioteket, og er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire av biblioteka i Indre Sogn.

Framsyninga er basert på verdas eldste nedskrivne historie, og går føre seg ved Eufrat si elvebredde i Uruk – noverande Irak. 
Den handlar om den ustyrlege Kongen Gilgamesh sitt overmot, ubryteleg venskap og frykt for døden. 

Historia er òg gjeve ut i bokform, på nynorsk, engelsk og arabisk. Den er tilgjengeleg for lån på biblioteket.
Det er Aldateateret som står bak framsyninga, med Rolf Losnegård si tolking av historia.

Tips ein ven Skriv ut