A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Teater - Urmakerens hjerte

Urmakerens hjarte er ein eventyrtriller for barn og unge inspirert av norsk folkemytologi og moderne fantasilitteratur.

I stykket møter vi tolv år gamle Runa som har mista mor si i ei ulykke. På bursdagen sin finn Runa vegen inn i ein mystisk skog. Her møter ho ei flaggermus som fortel at tida har stansa, og at kjærleiken berre er eit ekko som snart vil forsvinna.
Har dette noko med Runa sin røyndom å gjera? Gjennom bruk av video og lyd vert det skapt eit visuelt lydunivers, med folkesongar Unni Løvlid og fire skodespelarar på scena.
Stykket er skremmande, morsom og vakker eventyrtriller for større born og unge (frå ni år)

Sjå traileren til Urmakerens Hjerte her

Teaterstykket blir vist i Årdalshallen onsdag 11. april kl. 18.00.

Billettar kan køpe og hente bilettar på Posten eller Narvesen. Du kan ringa 81533133 seinast fem virkedagar før framsyninga og få bilettane sendt i posten. Kan og få kjøpe billettar på www.billettservice.no og skrive dei ut heime.

Arrangør: SOFT SOGN OG FJORDANE TEATER/ÅRDAL MUSIKK OG KULTURSKULE

 

Tips ein ven Skriv ut