A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Tangen skule er invitert til deltaking i "PISA-undersøkelse"

PISA (Programme for International Student Assesment) er eit internasjonalt OECD-prosjekt med 67 deltakarland.

  • 1

Målet er å undersøkje 15 åringar sin kompetanse i lesing, matematikk og naturfag. PISA-undersøkinga i 2012 vil ha hovudvekt på matematikk. I tillegg vil det vere ein elektronisk prøve i matematikk, lesing og problemløysing.

Undersøkinga skal føregå våren 2012 og det er 207 grunnskular som er trekt ut til å delta og av desse er Tangen skule ein av dei.

Frå kvar skule vert inntil 30 elevar født i 1996 trekt ut til å vere med. Kvar skule vil hausten 2012 få tilsendt ein kort rapport som syner skulen sitt resultat samanlikna med andre skular som er med i den norske undersøkinga. Resultat frå den internasjonale undersøkinga er klar i desember 2013. Desse resultata kan ikkje sporast tilbake til den einskilde skule, lærar eller elev.

Det er Institutt for lærarutdanning og skoleforskning som har ansvaret for gjennomføringa av PISA i Noreg etter oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut