A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ta ansvar - plukk opp etter hunden din

Hundeeigarar har eit eige ansvar for å plukke opp etter hunden.
  • 1

Me har fått fleire tilbakemeldingar om hundeeigarar som ikkje samlar opp etter hunden sin. Snøen er no i ferd med å smelte og restane etter hunden kjem fram i dagen.

Mange ungar leikar i snøen, folk går på fortau og i gater. Ha derfor alltid med ein pose eller to i lomma, og kast den i næraste søppeldunk!

Kommunen deler ut biologiske hundeposar og hundeeigarar kan ta turen innom rådhuset eller biblioteket og hente ein pakke.
 
Som hundeeigar er du ansvarleg for å plukke opp etter hunden din.
Tips ein ven Skriv ut