A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Svøm deg til Rhodos 2015 er avslutta

Det er auke både i deltakarar og distanse.

Årdalshallen har også i år vore medarrangør på den store årvisse kampanjen for å fremje symjing som alternativ trening og mosjon. Dette året har hallen auka deltakartalet frå 49 til 54, og desse har lagt bak seg heile 441525 meter, noko som er nær 100 000 meter lenger enn i fjor.

Når deltakartkorta vert gjennomgått, visar det seg at det er mange fleire som har oppnådd lengdekrava jamført med tidlegare år.

Det er særleg aldersgruppa frå 26 og oppover som er aktive mosjonistar i bassenget, men både ungdom, barn og handikappa har delteke i sine respektive kategoriar.

Noko av det som gjer det ekstra spanande å gå gjennom deltakarkorta er å sjå på dei som stikk seg ut. Den som har lagt bak seg flest meter har heile 36 400 meter desse tre siste månadene, og eldste deltakar er 82 år. Det er såleis rom for dei fleste i vatnet i Årdalshallen.

Årdalhallen har i år bestemt seg for å dele ut fleire lokale premiar til deltakarane i dei ulike klassane. Liste med vinnarar er hengt opp ved badevaktluka i hallen. Premiane kan hentast same stad i opningstida. Det er også trekt ut tre deltakarar som er meldt inn og er med i trekninga om dei store hovudpremiane på landsbasis. Det er totalt 255 sømjehallar som deltek, så vinnarsjansane for dei som er trekt ut er formidabelt mykje større enn t.d. i Lotto.

Følgjande er deltakarar frå Årdal i den landsomfemnande konkurransen:

Vaksne: Oddveig K Leine

Ungdom: Cecilie Brun

Barn: Ronja Finnebotten Saltnes.

Trekninga av hovudpremien skjer 16 april, og vert kunngjort på Symjeforbundet sine heimesider: www.svomming.no/

Tips ein ven Skriv ut