A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Stilling som kommuneplanleggar

Ledig stilling

​Me har ledig 100% stilling som kommuneplanleggar med tiltreding snarast råd.

Den som vert tilsett vil få eit særskilt ansvar for arbeid med planar etter Plan og bygningslova. I dette ligg ansvar for kommuneplan, regulerings- og utbyggingsplanar, endringar og dispensasjonssøknadar.  Handsaming etter naturmangfaldslova, arbeid knytt til miljørelaterte saker og konsekvensutgreiingar i samband med t.d. kraftverksutbyggingar, kulturvern og kulturminne samt samfunns- og tettstadutvikling, ligg og til stillinga.
Planleggaren får ei sentral rolle i kommunen si tverrfaglege plangruppe, og vil samarbeide nært med kart og oppmåling, byggsak og tekniske tenester.
 
Kvalifikasjonskrav
Relevant universitets- / høgskuleutdanning
Me ynskjer personar med erfaring frå slikt arbeid, men oppmodar også nyutdanna om å søke.
 
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Fleksibel til å utføre andre arbeidsoppgåver etter avtale.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale utifrå kvalifikasjoner.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 17.12.2018.
 
Kontaktperson
Svein Arve Grindhaug, mobil: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut