A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Stenging av skular og barnehagar – oppdatert 13. mars kl. 13.20

Barnehage skule ungar

Retningsliner for tildeling av tilbod i barnehage og skule i Årdal kommune.
Oppdatert informasjon frå kriseleiinga 13. mars kl. 13.20

1. Elevar på ungdomstrinnet kan avtale individuell rettleiing med lærar ein gong pr. veke
2. Tilbud til barn med særlige omsorgsbehov:
  • Kan få et tilbod etter ynskje frå føresette
  • Skulane kan gje eit tilbod til barn med særskild tilpasse behov etter ynskje frå føresette

Dersom det er nokon som har trong for eit slikt tilbod, og som ikkje har arbeid innan opplista område nedanfor, kan ein venda seg til leiaren i den verksemda ein er tilsett i. 
Leiaren i verksemda må då vurdere å ta saka opp med kommunen om eit slikt omsorgstilbod.

Dersom kommunen då gjev eit slikt tilbod, vil dette gjelde frå den påfølgjande dagen. Omsorgstilbodet kan berre gjevast i eit avgrensa omfang for å ivareta hensikten med å stenge barnehagar og skular.

Tilbodet gjeld frå måndag 16. mars, dagleg i tida 06.45 - 16.00, avgrensa til maks. 8 timar pr. dag.

Føresette til born utover 4. klasse som har særskilde behov, og som pr. dato har avtale om tilbod i SFO, tek direkte kontakt med skulen om dette.

Verksemdene kan ta kontakt med kommunen slik:
Skule               : Jan Kåre Stedje        91358017 / jkst@ardal.kommune.no
Barnehage       : Kirsti Eklund            45879339 / Kirsti.Eklund@ardal.kommune.no
 
***

«Skole- og barnehageeiere har ansvar for å sørge for et tilbud til barn med særlige omsorgsbehov som ikke kan ivaretas når barnehage, skole eller andre dagtilbud er stengt.»
Elever på ungdomstrinnet kan avtale individuell rettleiing med lærar ein gong pr. veke. Regjeringa innførte at alle landets skular og barnehagar skal stengast frå om med fredag 13., i fyrste omgang til 26.mars.
Til tross for dette, skal kommunane gje eit omsorgstilbod til born frå og med 4. klasse og nedover, for einskilde yrkesgrupper som ikkje greier å ordne barnepass sjølv.
Dette tilbodet vert i første rekke gjeve barn med foreldre i samfunnskritiske funksjonar innan desse områda:
 
Styring og kriseleiing
Forsvar
Lov og orden
Helse og omsorg
Redningsteneste
IKT-tryggleik i sivil sektor
Natur og miljø
Forsyningstryggleik
Vatn og avlaup
Finansielle teneste
Kraftforsyning
Elektroniske kommunikasjonsnett og teneste
Transport
Satelittbaserte teneste