A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Status i Årdal pr. 20. mars

Rådhuset

Tida er inne for litt informasjon til innbyggarane våre på korleis situasjonen er pr. i dag.

Kriseleiinga har hatt fokus på koronautviklinga sidan tidleg januar månad og arbeidet med revisjon av kommunen sin pandemiplan og beredskapsplan var dei første tiltaka me sette i verk. Allereie 30. januar gjekk første meldinga ut frå rådmann til tilsette om å ha fokus på hygienetiltak og det vart oppretta tett dialog med kommunelegen for å følgje utviklinga.

Mykje har skjedd sidan da, og me er inne i ei tid der det skjer endringar og tiltak fortløpande.

Status pr. 20. mars kl. 15.00 er at ingen er påvist smitta i Årdal.

Kriseleiinga har møter kvar dag kl. 10.00 for gjennomgang av status og iverksetting av tiltak i tenestene. I tillegg er det faste telefonmøter med fylkesmannen sin beredskapsavdeling og helseberedskap kvar måndag og torsdag kl. 14.30. Kvar morgon kl. 08.00 møtes leiarane innan helse, sosial og omsorg (helsestab) for å samordne arbeidet. 

Det vart tidleg i fasen etablert dialog med Norsk Folkehjelp og Sivilforsvaret for å få oversikt på kva dei kan hjelpe til med av utstyr og mannskap når situasjonen krev meir ressursar inn. Det same gjeld kontakt med Hydro sine beredskapsressursar.

Me føl nøye situasjonen i lokalsamfunnet og i tillegg til koronaviruset er me og bekymra for kva konsekvens dette får for næringslivet vårt i tida som kjem.

Karantene
Det er nasjonale føringar (vedteke i forskrift) på at alle personar som kjem til Noreg frå utlandet skal vere i karantene i 14 dagar, vedtaket har ei tilbakeverkande kraft til 27. februar. Kriseleiing oppmodar innbyggarane i Årdal, som har vore på reise i utlandet, respekterer dette. 

Ordføraren ynskjer dykk alle ei riktig god helg. Eg oppmodar sterkt om å ta vare på kvarandre, vise kvarandre omtanke og solidaritet. Hold hovudet kaldt og hjarte varmt. Saman skal me kome oss igjennom dette.

Hilmar Høl
Ordførar