A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

St.Tomaskyrkja 40 år.

  • 1

Den 2. juli 1971 blei St. Tomaskyrkja vigsla av biskop Alex Johnson. Det var ei storhending med mykje program i tre heile dagar.

Den 3. juli blir det markert at det har gått 40 år sidan vigslinga. Det heile vil bli enklare enn i 1971, men fleire av dei som var med då vil vere til stades komande sundag.

Då blir det ei festgudsteneste med soknepresten i Vang, Carl Philip Weisser, og prestevikar Wenche Lie Lysne frå Lærdal. Oddbjørn Skeie deltek på gitar og Høre Mannskor med song.

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi.

Sokneprest Weisser fortel at han vil bruke den gamle messehakelen frå 1700-talet som høyrde til i den vesle stavkyrkja som sto fram til rivinga i 1808. Bibelen frå 1589 som blei gitt som gåve til kyrkja vil ein og ha framme denne dagen. St. Tomaskyrkja har spennande historie samtidig som ho er i aktiv bruk særleg om sommaren og i påska.

Kyrkjelyden i Øye håpar at mange vil vere med på 40-års markeringa både frå austsida og vestsida av Filefjell.

Tips ein ven Skriv ut